måndag 8. oktober 2007

Irritasjonsmomenta: melange, melk og purre


Hyper sultne Marita som skal lage seg middag...selfølgelig tar potetene så lang tid å koke at eg rett og slett har fått tida til å ete så masse anna før middagen er ferdig, at eg rett og slett er ganske så mett når middagen er ferdig... Hurra for bra planlagde måltid!
Melange: Ellers så har eg over eit lengre tidsrom vore svært fasinert over den flytande melange oppfinnelsen! Så no hinn dagen så tok eg faktisk å kjøpte meg ei sånn fæncy-flytande-melange-på-flaske-flaske. Skulle ta ein sprut i steikepanna og vart overraska over kor hardt eg måtte klemme før det kom ut noko...men etterkvart kom det ein god dæsj i panna. Så på slutten av steiketida, skulle eg frese purren litt...eg kasta purren i panna, og skulle ta den fænsy flytande-melange-på-flaske-flaska og ta litt smør i panna, eg klemte forsiktig, men ingenting kom...Eg klemte litt hardare, men nei, fortsatt ingenting, litt til, nei fortsatt ingen reaksjon, litt til, og då berre spruta det ut sikkert 1 dl med melange over purren...eg vart no så sjokka at eg rett og slett ikkje fekk meg sjølv til å slutte å klemme på flaska, sto bare å måpte mens melangen fortsatte å sprute ut av flaska, og eg måtte tenke mange tankar om kor upraktisk flaska var, etter det kunne eg slutte å presse på den...den ein gong så sunne purren vart no til ei einaste kolesterol rik suppe-bombe!! Eg lika ikkje den fænsy-flytande-melange-på-flaske-flaska meir!
Purren: kor langt ned går det egentlig an å bruke av purren? Ka med ei bruksanvisning til dinna grønsaken her?
Melka: etter at TINE ikkje gidde å lage kvit papp til å ha inne i melkekartongane, syns eg melka har skifta smak…(sjølv om den mørke pappen skal bevare melka betre av ein eller anna grunn). Dessutan må det no være måte på kor mykje superlim, ja superlim faktisk, dei skal bruke til å få melkekartongen tett!! Kor ofte er det ikkje du har prøvd å opne ein melkekartong så får du sjå at ”inner pappen” henge igjen? Så må du begynne å grave med peikefingrane i håp om at du skal få ei opning på det som skil deg og melka. Så endelig – når det er gjort, kan du drikke melka, men då er det neppe ein positiv opplevelse, enten så er melka full av pappbitar, eller så er den blitt så oppvarma av at du har dreve å makka så lenge med å få opna kartongen...

Ingen kommentarer: