fredag 5. oktober 2007

Ludo


I går så kom ho Sissel på besøk hit til Ålesund! Utrulig kjekt! Faktisk utrulig kjekt, og det er sjelden at eg har besøk av folk som lika og spele ludo, som er eit utrulig undervurdert spel, for det e skikkelig artig! Tja eg veit ikkje heilt om Sissel lika det enda då, for å prøve å sei det på ein fin måte: Sissel du var drit dårlig!! Hehe det gjekk somregel i 1’ara og kanskje ei 3’ar om ho var heldig, og om ho skulle få ein 6’ar så var Marita sine gule og blå brikka der for å slå ho inn igjen (måtte jo spele med to farga sånn at det blir litt meir action, for meg tydeligvis, for Sissel hadde max tre brikka ute om gongen)…Når eg hadde alle mine i mål, så trur eg ho akkurat hadde greidd å få ut sine brikka, men det var fordi eg sto ei stund å venta på en 1’ar til å komme meg i mål…ikkje så veldig enkelt når Sissel bruka opp alle, og når terningen berre vil vise meg eit tal som var 5 eller høgre! Hurra for meg og mine dyktige Ludo-skills:) etter på så for vi ut for å få litt frisk luft, vi såg blant anna ein rar katt med stor kropp og lite haud og store auge, tyttebær som voks på tre, og eit tomat tre…

Tok oss ei runde på KRIK på høgskulen etterpå, der vi fekk spelt litt fotball i ein overoppheta gymsal, men det må til av og til! Så kom vi oss heim hit igjen og laga til litt koselig stemning med stearinlys, te og pops, og snakka om sånne derre framtidsting til vi rett og slett ikkje greidde å halde auga opne meir. I dag tidlig var vi rett og slett så trøytte når vi vakna av at vi nesten vart skremte av å sjå på kvarandre!! Sissel var litt bekymra for at ikkje mora ville kjenne ho igjen når ho kom heim!! Så kjørte eg ho til busstasjonen og kjørte vekk medan eg SMILTE og vinka til ho, og ho SMILTE tilbake! (jaja eg veit eg e litt treig, men eg har tatt den no, hihi)

Ingen kommentarer: