måndag 22. oktober 2007

Redusert opplagt


Ojojoj, eg må jammen ta å lære meg at eg må legge meg tidligare i helgene, for ditta her funka rett og slett ikkje i lengda...eller joda, det gjer egentlig det, men på eit veldig redusert nivå!
På fredag vart det i seng kl 0500, på lørdag 0300 og på søndag sov eg faktisk til 0930, la meg klokka 1500 og sov til 21, for så å sitte oppe i 2 tima før eg la meg igjen! Det var så kult når klokka ringte i dag, kl 0550, at eg faktisk greidde å sjå kor mobilen låg før eg fekk skrudd den av, vanligvis må eg bruke henda og la dei gli på golvet til eg e komt så langt ut av senga at eg dette ned, så finne eg mobilen, ca 2 meter i frå senga, og då er det gjort, eg er ute av senga!!!
Eg greidde faktisk å gå beint ut på badet uten at eg rangla sånn at det såg ut som om eg var full og ramla over ende, som eg forresten ofte kan gjere på morningen...det er gale!!
Eg hadde super god tid i dag tidlig, eg var effektiv, og slapp å bruke tida på å vakne! Utrulig deilig, digge musikk, synge (stakkars naboa), og rett og slett bare sitte å glo i veggen ! Men så, midt oppe i den gode tida fant eg faktisk ut at eg hadde hatt så god tid at eg hadde glømt at det var noko som heitte dårlig tid, eg kom ikkje til å rekke bussen!! Eg sprang ned til den "smoothe" Sierraen, vridde om nøkkelen, og fresa innover til sjukehuset og parkerte på ein plass eg kom til å få bot, gjekk fort til garderoba og fekk kasta på meg uniformen.
Men det var jo ingen andre folk der, kva hadde skjedd?? Hadde eg sett på feil veke sånn at det egentlig var no søndag vi skulle skru klokka fram eller tilbake, eller hadde eg vore så våken fordi eg hadde sove til 1750, ikkje 0550, eller var det heile ein stor "lure kampanje" mot meg og mitt vesen? Eg måtte skimte ned på mitt fancy "søster ur" og såg at eg hadde komt 20 min for tidlig på jobb...åhh eg som ein gong hadde vore opplagt, kjente plutselig behov for 20 minutt til med søvn...og den tanken hang på meg resten av vakta...typisk, at når du føla deg opplagt, så må det komme ein sånn tanke som øydelegg heile opplegget