måndag 7. januar 2008

Siste semester

Då har skulen starta for i år, og tida er komen for å velje tema til bacheloroppgåva. Oppgåva som vi får 5 veke på, 10.000 ord, joda det skal nok gå bra – om eg greie å kome i skule modus igjen. Tenka det skal gå greitt, det må det. Alltids litt kaotisk i begynnelsen pga alt det nye pensum, og når ein i det heile tatt veit at det er det siste semesteret før eg forhåpentligvis får autorisasjonen i handa, eller i posten for den delen. Alt skal gå etter planen og 30.juni får eg autorisasjonen har eg bestemt. Jess no e det offisielt. 30 juni tek eg i mot gratulasjonar hehe.

Obligatorisk undervisning den første veka – som eg ikkje heilt kan skjønne kvifor er obligatorisk. Timane har gått med på klaging – frå studentane si side. Eg tenkte eg skulle være stille, som ofte kan være ganske lurt. No virkar det som om folk har fått ”tømt” seg, og er klare til å gå ut i praksis eller begynne på oppgåva. Det er no utrulig rart kor trøytt ein skal være når ein MÅ på forelesninga. Obligatorisk – ordet får senga til å virke like god, nei, betre enn kva eg likar fiskegraten og mjølk, og augene vil liksom ikkje heilt opne seg.

Etter å ha vore på biblioteket på skulen og gravd med meg det meste av litteraturen innen emnet, følar eg meg litt på veg. Det skal bli litt godt å få 5 veker på oppgåva, for til mappeoppgåver som vi elles har hatt har vi alltids hatt fleire ting å makke med, men no har vi berre ein ting å fokusere på – rart. Eg får no også fordjupa meg i eit tema som eg kanskje kjem til å søke vidareutdanning på om par år?

3 kommentarer:

Anonym sa...

er det ikkje denne oppgava som du fikk gjort ferdi i dag?

Mar!ta sa...

nei det er det ikkje:)
Dinna opg her blir ikkje ferdig før om ca 1 mnd. Den opg eg skrive no er den siste opg vi skal skrive. Det var eksamen eg prata med deg om i stad:)

Anonym sa...

åååja... men du var KJEMPEFLINK!!!!!