laurdag 26. januar 2008

Levande døde, eller døde levande?


Då e eg i full rulle med å skrive bachelor oppgåva. Ei oppgåve som har ord på seg for å være så vanskelig, og så ufattelig stor. Jo, den er jo på 10.000 ord, så det er jo ei stor oppgåve, men eg kunne ønske den var dobbelt så stor. Eg skrive om nydiagnotisert, uhelbredelig kreft, eit utrulig interessant tema som eg som sjukepleiar alltids kjem til å måtte møte. Derfor – koffer ikkje forberede meg til den gongen no? Visste du forresten at over 20.000 menneske blir ramma av kreft, kvart år? Og at ein reknar med at 1/3 av menneska vil få ein eller anna form for dinna sjukdommen i løpet av livet?

Eg lura på om eg kjem til å gå vidare på kreftsjukepleie studie etter 2 år med jobbing, men tida vil vise. Nei, off for eit forferdelig yrke e det mange som tenke, stakkars dei som vel å eit slikt yrke og all den elendigheita dei måtte måte, men hmm er det synd på sjukepleiaren som vel yrket, eller pasienten som får diagnosen?
I møte med ulike pasientar så har eg aldri møtt nokon som er så levande som døyande pasientar. Og det som gjer stort inntrykk på meg er deira pågangsmot, og deira kamp vidare, kampen som vil fortsette kvar dag. Sjølv om det er usikker om korleis den neste dagen vil bli – om den kjem i det heile tatt.
Tenk litt på det, leve du livet? Eller gir du opp når du møta motstand?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Der e en film på trappene så heite The Bucket List.. handla om to kara som e dødssjuke. Dei skrive ned ei liste over ting dei angra på at dei ikkje he gjort - og så gjer dei det.. Usikker på ka han heite når han kjeme hit til landet, men definitivt verdt å sjå;)

Mar!ta sa...

Takk takk! Det skal eg huske på, og jammen om eg skal ta å sjå den og:)