fredag 25. januar 2008

<3 Bilen min <3

Nåkken tanka om BILEN, min kjære FORD Sierra frå 1985:
Bilen fekk navnet (hold deg fast) Bård Frode, då begge navna likna og hørtes ut som Ford ( eg velge av ulike grunna å ikkje legge ut bilde på ditta innlegget her....)

Vil han starte i dag? Han virka jo i går, gjekk framover og det gjekk jammen an å rygge også!
Hadde eg lite bensin på tanken i går? Eg veit ikkje, eg vart så glad når eg kom meg dit eg skulle at eg glømte å sjå på bensin målaren…Av en eller anna grunn så pårvirka det motoren om eg ikkje har bensin på tanken…rart

Får eg opp førar døra? Dei tre andre dørene er det jo noko galt med. Vil eg komme meg inn i bilen sånn at eg får start på den??

No har det gått 1 dag siden eg kjørte den sist...trur du at du får start Marita? Han har alldeles ikkje godt av å stå i ro så lenge, for nåke gale kan skje sånn at eg ikkje får start…motoren og det som skal bevege seg der kan ruste fast sånn at eg ikkje får start…

Å der er bilen jo! Den er like heil enda…nei vent litt, off jaja der har det komt enda meir rust! Eg grua meg til neste gang eg skal skifte dekk – jekken kjem til å gå igjennom skroget… Nei, stopp ein halv, den rust flekken har vært der alldeles lenge, den har bare skifta fasong – ingen fare – ingen fare! Null nye rustflekka, berre litt forandringa. Og forandring fryda jo – ikkje sant? Sei det er sant!!Håpa det ikkje har rusta inne i der eg skal ta nøkkelen inn, trur du at du får start i dag Marita?

No har eg skrapt frontruta for all isen og rimet…bakruta går ikkje an å skrape, for der er isen limt på – trur eg. Dessutan så har eg alltid dårlig tid når det har ist på bilen min… Ånei, bilen er jo heilt dogga inni…trur du at du får start på bilen når det er så kaldt ute Marita?? Eg sette meg inn i bilen og starta Bård Frode og sette vifta på fullt. Nei og nei, det er ikkje dogg, det er fryst på innsida av ruta og…eg får tatt fram den gule og grønne skrapa mi og begynne å skrape inne på frontruta, og all frosten treffe meg i ansiktet siden vifta står på… Når det er gjort så kjeme doggen, då må eg vente enda litt til før eg kan kjøre…

Ånei, det begynne å regne…tenk om vindusviskerane ikkje virka i dag!!Får eg i det heile start på bilen når det regna?? Eg trykke ned dinna spaken, og smila bredt når vindusviskerane bevega seg!! Men så går dei berre halvegs opp på ruta og blir ståande stille, i det fjerne kan eg høre koran viske motoren jobba….g må ut for å fikse litt på motoren…stripse litt og sånn… Får eg start på bilen etter eg har vore å gravd i motoren med volum på 2 liter?

Før eg kjem meg opp på vegen, så kvelast bilen av seg sjølv ein 3-4 gongar. Og nei, eg gjer ingenting, Bård Frode er litt sånn rar av og til…spes når eg kjem til rundkjøringa og svinga, for da lika han å skru seg av…Får eg start etterpå han har skrudd seg av?? Tenk om eg blir ståande midt i rundkjøringa??

Når eg har kjørt i 3 timar kan eg kjenne det er blitt litt lunk i bilen. Men vifta virka ikkje på varmt stille, det er varmen frå kroppen som har varma opp lufta…Det blir ekstra kaldt når eg kjøra i nedover bakka, for då må ikkje motoren jobbe så masse…i oppoverbakka blir eg ganske varm fordi eg må veksle så ofte mellom 3 og 4 giren. Fått farta opp i 60km i 3 giren, så må eg gire til 4 gir. Når eg har gjort det så dette farta ned til 50, og då må eg gire til 3 gir igjen… DEJAVU, eller ka det no heite… Får eg start på bilen etter at eg ha stoppa han etter dinna kjøyringa her? Tenk om han blir utmatta?

Eg prøva å skru opp lyden på cd – spelaren, eg håpa bilen ikkje kortslutta!! Men istede for at lyden blir høgare, så blir den lavare. Faktisk så lav at eg har problem med å høyre noko som helst. Ka i alle dagar?? Dessuten bråkar bilen sånn at eg berre høyra ka teksten på sangane er når eg berre har tenninga på….eller kass song som i det heile tatt blir spelt…

Du store mi tid, e det så stygge vinterdekk eg har??
Nei du store, eg hadde nesten glømt at bensinlokket var så grønt!
Ooops. No har eg kjørt med handbrekket på heile vegen heim…kass dritt handbrekk er det eg har? Det virka jo ikkje!!

4 kommentarer:

Mar!ta sa...

Nei altså, ein skal være fornøgd med det ein har:) Bilen virka!! HURRA!!! :)

Anonym sa...

hahah..sååå bra.. .. huska mi gode gamle isboks av ein Renault 5 - beskrivelsen av han Bård Frode passa ypperlig.. ej hadde i tillegg choke, nåke så va eit kunststykke i seg sjølv: Har ej nok choke no? E d for mykje, for lite..vil ej kvele han? Kor lenge choken må stå på? Kan ej skru han av no? Oii..!! Der stoppa han visst=/ På att me choken *gaaaah* KOFFOR JOBBA MOTOREN SÅ INNMARI MASSE AKKURAT NOOO..!!! hmmm.. håndbrekket(!) ja.. sett på makan - noo gjekk d såå masse betre;P ..nei, takke sej til GuleLynet ja - den virka, Punktum..

Anonym sa...

jah... eg veit no ikkje det om den derre ford zierra bilen din er så veldig splitter ny heller da;=)

Mar!ta sa...

zierra, wow det såg mykje meir fancy ut med ein gong!! Du kan ditta her med bil du Mirjam!!

Ny?? JOjo den er jo ny da, det spørst alt ettersom ka ein meina ny er... hehe...