måndag 14. januar 2008

Rød som ein tomat (suppe)


Etter å ha gått lengre enn langt, og lengre enn det igjen, heile 3 km eller noko slikt, kom vi fram til eit tårn. Joda eit digert tårn! Faktisk så høgt at eg lurte på om det stakk ut av ozonlaget… men det gjekk fint an å være på toppen, ingen problem med å puste, ingen ekstremt farlige stårlingar frå sola, og vi letta heller ikkje av den vektlause tilstanden, ikkje fordi vi har ete så masse i jula, men rett og slett fordi at det ikkje var noko vektlaus tilstand der...håpar eg… Etter å ha stått på toppen og speida rundt om kring og studerte alle øyene i augets omkrets, fant vi ut at det var på tide å trakke heimover igjen. Det prikka i kinna av den kalde friske lufta, og nasa var raud, ørene var så kalde at når eg trykka dei mot hovudet trudde eg at eg skulle få forfrysninga på hjernen. Når vi kom tilbake vart det tid for kokkelering av høg avansert, utrulig god tomat suppe. Grete, wow, du imponera! Takk for ei veldig koselig helg:)
Apropo tomat, eg har nettopp lært meg til å like tomat, ikkje fordi eg måtte, men fordi eg er så lei av å pirke det ut av all maten som eg får servert. Hurra for meg og viljestyrken min.
Rød som ein tomat, er eit uttrykk som blir brukt masse om personar som rødmar, ukontrollerte utbrudd i ansiktet i form av rødfarge og varmetokter. Oppstår ofte i situasjonar der ein seier noko dumt. Derfor er det ganske lurt å seie litt dumme ting no og då, for då venner ein seg av dinne medfødde eigenskapen, i staden for å vente til at du blir så flau at haudet bles seg opp til ein diger tomat som eksplodera fordi den så og sei blir overmoden. BANG, så er det gjort! Betre å være føre var enn etter snar??!!
Men så, når du først har begynt å rødmt, så kjem tankane:” å nei, no rødma eg, alle ser at eg ser ut som ein cherry tomat, ein plomme tomat og resten av navna på tomatane som eg ikkje kjenne til”. Så kjem alle kommentarane: ” sjå, ho er til og med rød på ørene” og personen prøver panisk å skjule ansiktet ved å grave det ned i hendene. Og dess verre blir det, du kan nesten kjenne at blodet frå resten av kroppen tar ekspressen opp i haudet for å delta i det fargesprakande arbeidet. Det positive med dette er at tenna blir sjåande så kvite ut! Så ein bør ikkje skjule hovudet, det er då ein skal smile og glise så stort ein kan! Dessverre hjelper ikkje det å slutte å ete tomata for å bli kvitt rødminga. Du kan og late som om du får akutt overfylt blære og må springe der i frå før rødfargen overtar ansikt og ører, le gjerne litt på vegen ut sånn at det blir mest mulig fortrulig. Eller du kan for eksempel isolere deg, utan at eg kan seie kva resultatet blir neste gang du møter på folk. Eller du kan skru av lyset, sånn at det blir mørkt, veldig mørkt…eller kanskje dette bare vil føre til at hodet ditt begynner å lyse fordi du blir så varm i topplokket? Prøv gjerne dette ut på forhånd, FØR du gjer det sammen med folk! Stå gjerne framfor speglet og sei teite ting, og lær deg til å dumme deg ut framfor folk…ha gjerne eit bilde av tja Bill Clinton der.
Lykke til!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det heiter ikkje "alle øyene i augets omkrets", men "alle auga i augets omkrins" .. OK? Tenkte eg berre skulle sei ifrå;)

Mar!ta sa...

hehe! Oj, ja det var bra du sa i fra om...det var ein skikkelig skrive feil der...skal ta fram blankoen her:)