måndag 21. januar 2008

Bomull på antarktis


Etter ein utrulig bra kveld for meg sjølv i går så måtte noko skjere seg i dag. Og det begynte allerede FØR klokka ringte. Katten mjaua som om han skulle hatt kugalskap! Og eg kjente at tolmodigheita mi sakte men sikkert rant ut...(korlei kan tolmodigheita renne ut?)..men når eg fant ut at han ikkje ville slutte, så vart eg ganske glad egentlig, for då vart det ikkje eit problem å stå opp kl 7 alikavel... (sjølv om eg låg til kl 0730). Så for turen vidare til Fagerli-hallen der eg skulle stå på stand...
Eg har jammen målt mange blodtrykk i dag! Du store mi tid , kor stor den enn måtte være! Har eg ikkje kunne målt blodtrykk før så skal eg no heller aldri gløyme det etter i dag. Men eg må sei at verdiane var veldig bra, ingen som lidde av aterosklerose obliterans som det heite på fint - ikkje som verdiane viste i allefall!
Når eg kom heim begynte katten og mjaue igjen. Etter å ha tenkt kordan eg kunne ta "hevn" så fant eg ut at idag var dagen for å dusje katten!!! Ohh jess- det gjorde godt! Så då fekk eg dusja katten. Men han såg ut til å like det...litt nedtur egentlig...
Dagen i dag har vore ganske så spennande, faktisk så spennande at ein brannbil og ein politibil har kjørt under meg. Ja under meg, underkjørt (ikkje underskjørt) og ikkje overkjørt(ikkje overskjørt kva no enn det måtte være). (Nei ditta var for masse kjørt - skjørt ord)
Du sjønna - eg sto på ei bru mens dei kjørte med diskolysa på toppen av bilen på det fortaste og kulaste stadiet, det er jammen ikkje kvar dag ein står over(!) slike saker.
Ellers så har eg og Janneke vore på ein forfriskande gåtur og kjent kordan kinna våra har blitt gode (betre) og rød sprengte av den friske lufta. Det interessante var vel egentlig at vi prøvde å komme oss ned til sjøen på ein måte, men uansett kor og kordan (!!!) vi gjekk, så endte vi opp på den plassen vi begynte på...vi gjekk i ring...jaja sånn kan det gå når ingen av oss har retningssans...bare bra at vi kom oss heim begge to etterpå...eller e du heime Janneke!?!??!!
Dessuten var det ein britisk psykolog som sa at dagen i dag er den værste i løpet av året? Pff 
for nåke tull! Jaja dei får no berre fortsette å plukke bomull på antarktis.... (prøvde å få til eit nytt ordtak her...men eg ser no at det heller var ganske så dårlig...)

Ingen kommentarer: