laurdag 12. januar 2008

Turen




På laurdag var det faktisk så fint vær ute at eg og Grete bestemte oss for å fare på ein gåtur. Det første som møtte meg når eg kom ut døra var ein diger Rododendro busk (ein busk eg nesten kan garantere deg at mora di har). Den var full av friske knoppar. Rare greier.
Vidare på turen fant vi stadig fleire interessante funn.

Vi oppdaga blant anna ei grotte eller noko slikt. Den måtte vi jo bare gå inn i og utforske. Modige Grete, hadde ikkje ho gått framfor meg så hadde eg flykta, ikkje frå den vegen vi kom i frå men mot lysninga i den andre enden. Eg hadde jo nettopp erfart kor skummelt det var der vi allereie hadde gått, så å flykte framover måtte jo være betre. Men heldigvis, så kom vi oss gjennom grotta og ut på den andre sida, og sjølv når vi hadde komt oss ut var frykta der fortsatt for å ramle ned i ei diger ”bjørnefelle”. Det vart ikkje noko steinras som kom heller som kunne ha blokkert inngangen og som sikkert hadde gjort slik at mobildekninga hadde vore lik null. Det var heller ingen flaggermus, isbjørn eller tiger inne i grotta. Ikkje som vi såg i allefall. Heldigvis seie no berre eg. For om det hadde vore isbjørn der så ville det bety at den hadde vore veldig svolten fordi det ikkje var sel der (kanskje den hadde ete opp alle?), og då ville den ha ete oss(evnt til dessert). Hadde det vore ein tiger der så ville den og ha ete oss fordi den ikkje kan sloss med den store sterke isbjørnen, og det er ikkje antilope her heller, og flaggermusene hadde vore for små til å bli mett av. Derfor er eg veldig gla for at det ikkje var tiger, isbjørn og flaggermus i grotta. VI lever!!!

4 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Jeg er også glad for at det ikke var tiger, isbjørn, antilope eller flaggermus i den grotta. dere er atlfor verdifulle til å gå med til dyrefõr!!!

Mar!ta sa...

Åhh takk:) hehe

Anonym sa...

Hehe,var en artig oppdagdelsestur det der :)

Anonym sa...

Har du vert i en GROTTE??
off... eg hadde jo ikkje turt å sett på grotta engang... faktisk så må eg nu innrømme at du likevel er litt MODIG!!!