torsdag 24. januar 2008

Apropo litt sånn forskjellig egentlig

For ein effektiv dag det har vore i dag! Når eg sto opp så fekk eg så utrulig lyst til å vaske og rydde heile hybelen! Og når eg vaska, då skal eg love deg at eg vaska! Og for at eg skal få alt skikkelig reint, så må eg jo flytte på alle tinga, då meina eg ALLE tinga! SÅ rett som det var ommøblerte eg heile hybelen! Stakkars naboen – han syns at eg bråka litt (ganske) masse, og har hørt at eg har ommøblert fleire gongar…offa meg, håpa berre han var på skulen i dag!!

Dessutan så seie eg "ombelert" – ikkje "ommøblert". Det er liksom litt kulare, og mykje enklare å seie. Men apropo ryddig, vasking og ombelering, så må eg få sagt det at eg syns det er riktig så kjekt å vaske golvet! Det er noko med det å sjå at det blir vått der du har dradd over moppen, og lukta …mmm lukta av Ajax universal er noko av det beste dinna nasa mi kan dra inn! Nei, eg er ikkje avhengig, og eg sniffar ikkje, men det er nesten like før!!!
Ta å vask munnen din med såpe” er eit uttrykk, det er jo nesten sånn at eg har lyst å prøve det med dinna Ajax’en, men fornufta har sagt nei til no…kanskje ein gong den seie ja? Men seriøst, vask munnen med såpe? Såpa er ganske strek så det kan jo hende at den blir så sterk at den etsa vekk emaljen, og då blir det jo hull, og hull er ikkje bra (hull i osten er bra, og hull i sokken er bra – for hadde det ikkje vore det så hadde du ikkje fått den på deg…) Koffer ikkje seie ”gå å puss tenna dine med ein sterk tannkrem sånn at det svir på tunga di”, i staden for å oppfordre folk til å ta såpe i munnen?
Nei og nei, dessutan så er det mange tannlegar og tannpleiarane som klaga over at det er for dårlig tannpuss, kanskje det har ein samanheng med at folk har fått eit styggare ordforråd og at ein kanskje brukar ”vask munnen din med såpe” for hyppig – eller i det heile tatt?! Tenk over det du!
Aprop ting som ikkje er så bra å putte i munne, så har eg utrulig lyst til å ete kattemat. Sånn med saus på…mm det luktar så godt! Men nei, eg skal la katten få ha det i fred. Og apropo dumme ting å gjere: eg har SÅ lyst til å fare til Rjukan og hoppe i strikk!! Åhh det hadde vore heilt rått!! Det skal eg gjere, om det er nokon som blir med selfølgelig!

Forresten, apropo tenner; koffer e det sånn at eg alltid sit med ein dårlig samvittighet når eg set meg i dinna tannlege stolen( det heite jo ikkje tannlege stol, for tannlegen sit i ein anna stol)? Eg har ikkje hull, men alikavel så får eg dårlig samvittighet når dei begynne å spør om fluor og ditt og datt. Du veit det blir sagt når du gløyme ka du skal seie at ”eg har det på tunga..”, faktisk så følast det ut som om tannpusse-referatet, og lista over usunne matvarer frå sist tannlege besøk er skreve på tunga…off…
Det same med frisøren, eg blir no flau når eg går dit. Er det lenge sida du har klypt deg? Bruka du hårkur? Har du (ein skikkelig dyr, masse pengar dyr, ikkje dyr som i katt og hund (jaja det kan være det og om det er snakk om katt og hund med stamtavle og om det er rase dyr)shampoo (visste du at sjampo er den riktige måten å skrive shampoo på?)? Off nei, eg lika det ikkje folkens! Frisøra og tannlega altså!

Ingen kommentarer: