tysdag 29. januar 2008

Egg har det bra?


Eg har det som plomma i egget” seiast det…men er det nokon garanti for at dinna setninga her kan bety at ein har det godt?
Lat meg no sjå? Plomma er altså den gule bestanddelen av egget. Den ligg ca midt i egget, omrigna av eggekvita, som ikkje blir kvit før den blir kokt eller stekt – alikavel heite den eggekvite, den er i lik konsistens som glassmaneten, gjennomsiktig, med det engelske namnet ”jellyfish”.
Rundt den gule delen og den gjennomsiktige delen er det ei tynn hinne, og utenpå det er det eit tynt lag med kvitt skal (om du ikkje har malt på det då, slik som ein gjer i påska, dessutan er det av og til det er hønebæsj utan på…) Det er kva eit egg er – om du var i tvil. Om du fortsatt er i tvil, så kan du google det på ”www.google.com
Men;eg har det som plomma i egget?” Eg har det som den gule klissete greia, omringa av noko seigt gjennomsiktig greie med noko som kan sjå ut som ein navlestreng og ei blodåre, trangt er det og, og dessutan så er det ingen som veit om eggeplomma har klaustrofobi. Det er ingen plass den kan gå, berre prøve å bevege seg litt fram og tilbake…men det er fysisk krevjande, og psykisk, du kjem deg jo ingen veg, pluss at eggekvita med glassmanet konsistens er tung å symje i. Dessutan er egget plassert i eit kaldt mørkt kjøleskap (om det virkar då), og når det blir tatt ut av kjøleskapet, er det nokon som knusar skalet før dei skal ete det på ein eller anna måte… Nei, eg ville aldri vore plomma i egget, eg ville ikkje hatt det godt om eg hadde vore plomma i egget, antar eg. Egg har det bra som mennesket.

Ingen kommentarer: