onsdag 16. januar 2008

Det var ein gang to sokkar


Ein sokk. To sokka. Tre sokka. Fire sokka og fem og seks sokka, men ingen sokka som det er par av! Eg har leita høgt, lavt, bort om der, og her og litt vedsiden av der, men fortsatt ingen spor etter sokkane. Kor blir det eigentlig av sokkane som forsvinne? For dei kan jo ikkje berre forsvinne sånn utan vidare. Og nei, eg trur ikkje på at vaskemaskina ete sokkane, heller ikkje tørketrommelen. For om vaskemaskina eller trommelen skulle ha ete noko, trur eg den ville ha velgt noko litt meir eksklusivt enn ein sokk eller to.
Eg innrømma det, eg rota vekk sokkane mine! Stadig vekk! Når eg skal vaske kle så er det alltid ein eller anna sokk som blir liggande igjen ein lur plass. Når eg skal legge saman kleda finn eg berre den eine sokken, og finn ut at eg like så godt kan kaste den, fordi dei andre sokkane som det har skjedd det samme med, har vore til samme fot – dobbelt nedtur liksom. Og neste gong eg skal vaske kle, så finn eg den andre sokken…endå ein nedtur! Spare på den eine sokken? Nei då lura eg meg til å tru at den andre sokken er i skuffa, og bruka masse tid på å leite etter noko som er på søppeldynga…
Eg har no eit litt finurlig system på sokkane mine. For det er ikkje berre berre kass fot sokken skal på. Nei, det er faktisk blitt slik at eg bruka sokken som skal være på høgre foten på høgre foten… for om du ser nøye på sokkane, kan du sjå på kass side det er plass til store tåa på…ikkje det at eg har så voldsomt digre tær at eg utvida sokkane slik at tåa bare får plass på eine sida, men ta å sjekk det ut, så legge du merke til det neste gang du skal ta på deg sokkane dine!

Mine sokke tankar og erfaringa, frå mitt og andre sine liv. Avgrensing: Eg vil berre ta med dei 3 hovedgruppene av sokke farga!!
Kvit sokk:
Pluss: Reine bein. Sitte godt på foten. Personen er sporty. Sokken er god, og den varma. Sokken luktar nyvaska. Assosiasjonar til "tennistida" på 80-90 talet!!
Minus: Får ofte nuppa på seg. Det viser veldig godt at du evnt ikkje har vaska golvet på ei stund. Ikkje til å anbefale å ha på når det regnar- OBS fare for at skoen farga av!! Ofte er hælen litt slitt, du har ofte plukka litt for masse på nubbane og oppdaga at det er sokke tråden du drar i slik at den stramma seg rundt ankelen...
Svart sokk:
Pluss: Ein sokk som får deg til å tru at sokkane dine er reine heile tida. Kan brukast til alle antrekk. Viser ikkje om sokken er våt, eller om skoen har farga av på sokken.
Minus: Ofte litt lange slik at dei henge og dinglar framme på tuppen. Det luktar ofte litt tåsefis av dei, og dei er ofte ganske fuktige. Sokken er ikkje tjukk, men ein tynn finstrikka type. Ellers ein sokk som lura deg til å tru at den vil hjelpe deg med å halde varmen. Ofte hull framme med tærne.
Grå sokk:
litt usikker på om ein greier å halde dei kvite sokkane kvite, og resten av dei svarte sokkane er på vask. Ein vel å kombinere den svarte og den kvite sokken for å unngå å havne i nokon av dei to førstnemnte kategoriane. Eit anna alternativ er å ta ein svart og ein kvit sokk for å møtast på halvvegen.

3 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Du er virkelig innholdsrik altså!!

Men har du fått respons fra noen bloggere som har maken til dine single sokker?

Mar!ta sa...

Nei det har eg faktisk ikkje...E det nåken der som har ein kvit sokk med giraff motiv framme på tåsane, og gul hæl? Eg manglar en...

Anonym sa...

forresten..så hadde eg nokre sokkar som var dine som var for SMÅ til deg....