måndag 10. november 2008

Besøk frå Oslo


I dag fekk eg besøk av ho Hanne, kjære Hanne. Vi to e ein bra match! Hanne og meg. Vi to. Eg og ho altså.
Dagen begynte med ein kaffi i den fargesprakande gata midt i Stavanger city, og siden koffein har ein oppkvikkande virkning var det nettopp ditta her som skjedde med oss. Ideane myldra fram for kva vi skulle fordrive dagen med, og faktisk så fordreiv (?) vi dagen på ein utrulig bra måte! Etter evig mange skritt i byen fant vi ut at vi hadde bidratt med nok nedsliting av brusteinen, og traska heimover.
Husmorobjekta imponerte med heimelaga pizza som vart ufattelig god. Vi hadde hakka nåke løk til pizzaen, og eg var litt forkjøla sånn at nasa rannt litt - det hadde nesten igenting å gjere med det at vi såg "Walk the line" som satte igang dinna væskeutskillinga frå haudet...Når filmen vart ferdig og augene fekk tørka seg litt la vi merke til at det var stjerneklart ute, så då måtte vi rett og slett ta oss ein liten midnattstur. Turen gjekk opp på Ullahaugstårenet der vi sto å speida utover byen (eg trur det var byen vi såg på) i ei god stund.

5 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Kozzzzzzzzzz!!

Mar!ta sa...

Ja ditta her var skikkelig "kozzzzzz" altså:)

Anonym sa...

kult bilde

Mirjam og hunden Tanja sa...

åh... det høres kjempefint ut der!!
bare så du veit det; du er ikkje den einaste som blir litt våt i øynene når man ser på en trist film:)

Mar!ta sa...

takk takk dokke:)