tysdag 10. juni 2008

Noko som går i arv?


I dag har eg laga kake. Eg kan ikkje gje meg, må berre fortsette til eg har laga minst 4 gode kaker på rad. Tenkte eg skulle være snill og lage kake til lille søs var ferdig på skulen, og mamma kom heim frå jobb. Når Mirjam kom heim skulle eg til å ta på glasuren. Som ein liten prøvekanin måtte no ho smake den (eg er jo snill også da, men mest for å høyre om ho syns den var god). Joda, den var god den. Men eg sjølv var litt i tvil om den mangla ein liten ekstra smaks spiss. 
Eg tenkte eg skulle rådhøyre meg med Mirjam, men eg fekk fort bekrefta at kokke-kunstene både stoppa og begynte med mamma. 
Mirjam sitt forslag til kva som mangla i glasuren var løk!. Eg følte eg var ein "bakar" som kunne avkrefte at det mangla løk. Nei du store mi tid, etter tidlegare erfaring veit eg at det aldri er bra å kombinere 2 sorta grønsaker i kake.

Ingen kommentarer: