laurdag 7. juni 2008

Ei kake - gulrotkake


I dag har eg laga den beste kaka eg nokon gong har laga...og tru meg - det er ikkje få gongar eg har prøvd å lage kake.
Dagen byrja kl 12.30 då eg vakna etter ein lang kveld frå dagen før. Fekk vaska opp litt før eg og Gunhild bestemte oss for å fare ut å bade. VI kikke først etter ein fin plass her - men det var tang over alt, så då fant vi ut at vi skulle fyke inn til Åsestranda. Med vel mot tok vi ein rulleskøyte kvar og hinka-rulla bortover vegen medan vi lo og nesten holdt på å tisse på oss. Nesten framma med sjukehuset skulle Gunhild stoppe i den ganske bratte bakken då ho hadde ganske stor fart. I eit ganske vellykka forsøk på å stoppe, trampa ho foten hardt i bakken medan foten med rulleskøyte fortsatta nedover. Eg såg ansiktsuttrykket hennar når ho snudde seg 180 grader rundt og landa i ei spagat-liknande stilling, og fekk seg eit flott skrubbmerke på kneet. Vi måtte sitte litt i grøfta å le før vi kom oss vidare. Etter å ha plukka masse blomster, fant vi ut at vi skulle lage kake. Gulrotkake. Ånei tenkte eg "No skal eg øydelegge endå ei..." men eg sa ingenting til Gunhild då eg fant ut at eg kunne skylde på ho om det ikkje gjekk så bra..men det gjekk veldig bra, eg og Gunhild er eit bra team! Kaka vart utrulig god! Vi pakka med oss kaka og joina gjengen som hadde samla seg i fjøra. Dei fekk kake til dessert, medan vi heldigvis hadde tome magar og kunne ete masse masse kake...mmMMmmMmmmm

Ingen kommentarer: