søndag 29. juni 2008

Sykkelturen


Dagen var fredag, dagen etter ein slitsom dag på jobb. Klokka 0600 sto eg opp og ante lite kva dinna dagen ville bringe. Når klokka vart 2000 var det booka for cowboy-party i ulst huset. Vi gjorde som best og kledde oss ut som nåkken cowboya og entra festen med hatt, lærbelte og ekte boots. Vi hadde ein kjempe artig og trivelig kveld sammen. Når klokka vart seinare enn 0200, og formen gjekk frå trøytt til overtrøytt fant eg ut av dinna kvelden ikkje kunne ende her. Derfor spurte eg Gunhild om vi ikkje skulle ta å sykle til Fosnavåg. Ho svara ja. Så her er ei lita forteljing om korleis ditta her endte…
Kl 0300. Turen starta frå Spjelkavika. Humøret var på topp, og vi var ganske so fornøgde med at vi faktisk skulle sykle til Fosnavåg. Eg fortalte Gunhild at det ikkje var so veldig veldig langt. ½ time til ferja, ½ time på ferja, og ein ½ time frå Hareid til Fosnavåg – med bil. Ditta her skulle vi klare. Ferjeruta fortalte at vi måtte komme oss til Sulesund før 0430 – for då gjekk ferja.

Kl 0340. Vi hadde kome oss rett inn på rett veg igjen etter at eg hadde geleida oss litt inn på feil veg. Endelig kunne vi sleppe å trø for ei lita stund for no var det litt nedover bakke. Eg oppdaga fort at den eine sykkelen var ikkje heilt egna for å dra på sykkeltur med, då både styret var laust, alt skrangla, og setet dreiv å tippa bakover. Men vi skulle komme fram, og det var so mykje anna positivt å fokusere på undervegs som den fantastiske soloppgangen vi fekk sjå litte bitte grann av., og alle dei brune og svarte sneglane som vi måtte prøve å unngå når vi sykla…splææættt.

Kl 0400. Vi begynte å innsjå at vi hadde litt dårlig tida. Eg trudde vi ikkje kom til å nå ferja då beina mine verkte etter ikkje å ha sykla på fleire år. Og endå var det nokre km igjen til Sulesund.
Ein rev og ein lang veg seinare, var klokka blitt 0415, vi var kome til Sulesund. Vi såg fram til ei lita pause på ferja då vi skulle ete litt frukost. Men plutselig kom vi på at vi ikkje hadde med oss noko anna enn nokre ekle karameller som smakte ei blanding mellom bestemor (kanskje til og med oldemor)- parfyme og jif. Og vi hadde bare 0,7 liter med vatn – på deling. Med lavt blodsukker måtte vi kjøpe oss litt midlertidig mat: peanøtter og kvikkluns. Vi fant ut vi kunne stoppe på statoil på den andre sida og drikke litt kaffi og ete skikkelig mat. Ferjemannen kjente Gunhild – så vi fekk gratis skyss over fjorden. Og jammen om vi kjente oss spreke der vi kom med syklane kl 0530 på natta.

0500 kom vi over til Hareid. Trøtte og kalde. No skulle det bli godt med noko varm mat frå den døgn opne Statoil. Men neida, den var stengt, og opna ikkje før 0900. Men vi fant ut av vi kunne fylle luft i dekket på skranglesykkelen, kanskje mest berre for å sette oss ned litt og ha ei lita pause, sjølv om den eigentlig ikkje trengte luft i dekket. Vi skrudde av ventilen på dekket og høyrte at lufta gjekk ut – men det gjorde ingenting for vi skulle fylle den opp igjen med bildekk pumpa. Men det gjekk ikkje. Vi trengte ein anna type pumpe for å få luft inn i dekket… Vi prøvde å sykle med flatt dekk, men det gjekk ikkje. Sykkelen satt vi igjen, og fortsette vidare frå Hareid med ein stk sykkel og to personar.

0540. Vi hadde innsett at det heile var ganske komisk. Ein sykkel uten bagasjebrett, og to personar skulle kome seg ialle fall 1,2 mil til Ulsteinvik og enda lenger var det til Fosnavåg. Etter eit mislykka forsøk på å sitte på rattet medan Gunhild sykla endte vi i grøfta. Vi måtte finne på noko anna. Den eine personen måtte sitte på setet og ha beina dinglande nedover på sida av sykkelen, medan den andre styrte og sto medan ho trødde. Ditta her skulle bli ein artig tur.

0610. Trøytte. Svoltne. Slitne. Kanskje vi skulle finne eit tre og henge opp hengekøyene i? Oj, vi hadde glømt soveposane, og det ville bli for kaldt å sove ute.

0700. Kroppane våra var øydelagde. Føtene verka, og det var vondt å sitte på sykkelsetet då vi hadde fått gnagsår på rompa. Vi var endå ikkje kome halvegs. Det begynte å regne. Ingen bensinstasjona å sjå. Jentene var så svoltne at dei måtte plukke blomster og suge ut nektaren. Graset smakte heller ikkje noko godt. Dessutan såg vi ein død fugl, vi vurderte å ete den.Vi fant ut at ingen av oss hadde ete noko skikkelig mat på den fredagen. Og eg kjente at eg hadde vore vaken i 25 tima. Augene var som nåleputer, og det gjorde vondt når eg blunka. Men vi måtte bare le, vi hadde innsett at vi to og påfunna våra er ein dårlig kombinasjon. Utrulig artig at vi faktisk skulle gå til Fosnavåg.

0830. Det gjekk lenger og lenger for kvar gong vi sa noko til kvarandre. Vi var for slitne til å snakke til kvarandre. Dessuten høyrtes det ut som eit eller anna veldig framandt framandspråk når vi prata. Vi fant ei busskur og måtte legge oss ned i det for å kvile oss litt. Vi fant ut av vi hadde gått og sykla uten ei skikkelig pause. Sultne. Vi lo. Kor dumme var i eigentlig på ein skala?

0900. Eg hadde innsett at turen var mykje lenger enn eg hadde fortalt til Gunhild. Eg måtte finne på noko som antyda på at vi nærma oss. Eg hugsa ei bru vi skulle over som ikkje var so veldig langt frå der vi var no, og sa at når vi er på den brua så er det ikkje så langt igjen. Sikker ein halv time.

1030. Vi såg brua.

1100. Vi var på toppen av brua. Det gjorde umåtelig vondt å sitte på setet. Så vondt at eg heller vurderte å gå med dei svært såre og vonda beina. Men eg orka ikkje. Vi måtte sykle, for då kom vi fram fortare.

1140. Vi kom fram. Utslitte. Svin trøytte!!!Vi innsåg at på ein skala var vi veldgi veldig dumme. Faktisk så dumme at det ikkje fantest noko skala som kunne måle graden av dummheit som vi hadde. Vi hadde endelig kome fram til huset vårt. Vi slukte noko mat og når klokka var 1249 fekk vi lagt oss. Vi var med eitt overtrøytte og greidde ikkje stopp å le. Plutselig bare sovna vi. Klokka 1600 vakna vi og mamma kjøyre oss til Hareid. Nesten litt skuffande at eg ikkje har tenkt over kor fort det gjekk – men veldig bra.

1728. Hareid. Vi viste mamma kor sykkelen var og måtte springe for å nå ferja. Vi rakk den akkurat.

1800. Anders henta oss på Sulesund. Tuuuuuusen takk :)

Jo, vi hadde ein kjempe flott tur. I allefall når vi såg vi var kome fram. Men vi vart enige om at vi skulle bli flinkare til å seie "nei" når den eine parten kom med sprø idêar.

Avstand frå spjelkavika - Fosnavåg: 60,6 km
Tid med bil: 1 t 16 min.

4 kommentarer:

Fredrik sa...

Hahaha... Dere er jaggu ikke vettuge... Men detta er jo deg i et nøtteskall Marita :)

Mar!ta sa...

Nei, ditta her e nåke av det dummaste eg nåken gang har gjort! Hehe men eg må bare le, for nåkken tullinga vi e!

Hilsen Bodil F.T. sa...

Spreke folk altså!!

Anonym sa...

Hahahahaha...... .....hahaha....hahahahahaha...! Dåkke e ikkje riktig skrudd sammen.. ...hahahaha...!