torsdag 19. juni 2008

Ronse, reie, huske, disse


Disse, reie, ronse, huske - namna er uedenelege mange men samtidig ganske so korte (eg veit det er fleire enn desse, trur eg).
Dagens gode gjerning var å montere (?) ned dissestativet heime, slik at han kjære far slapp å gjere det. Tok på meg pappa sin favoritt caps - Israel capsen, og følte meg ganske så "handy" med den. Med dinna capsen her greie eg alt som pappa greie tenkte eg. Eg fekk henta rikeleg med verktøy (hammar, skrujern og sånn anna type skrujern og knipetong...) og så starta eg.
Eg begynte å skru, faktisk så masse at skruen vart øydelagd, skruane var plutselig ikkje så rusta meir, for all rusten hadde dalt som nysnø ned på bakken.
Etter at ein stk skrue var ute, måtte 22 åringen gje opp...dei satt bom fast, samtidig gjorde det vondt i henda, og capsen var blitt alt for stor slik at eg ikkje kunne sjå nokon ting...Eg, 22 år, måtte gje tapt for skruar som kun hadde holdt fast disse-stativet i dei 18 åra vi har budd i Innvik. Nederlag.
I all frustrasjon fekk eg bretta sammen (!!) stativet, oppgitt over at vi ikkje hadde det riktige verktøyet slik at eg fekk skrudd frå kvarandre delane...

Ingen kommentarer: