fredag 6. juni 2008

Partay


I går hadde vi avslutning på skulen, møtte opp i finstasten og var klar for å ta bilde - masse bilde. Tilslutt såg eg ut som Wallace, jada riktig så fine bilder (dagens definisjon på fin: får andre til å le (masse) og føle seg utrulig fine).
Etter rose,kake og kaffi på skulen bar turen litt seinare på dagen inn på "Odd Fellow" der vi åt god mat og kosa oss i finstasten...Høghela sko i ein heil dag ekje det som er det beste her i verden (det trur eg kanskje er brosme...) og dei måtta tas av når eg skulle heim igjen - barbeint gjennom byen, livredd for å trakke på diverse krypdyr..grøss..etter vel 15 minutt gåande kom eg til bilen min og gleda meg til å gå heim å legge meg.
Men då kom det ein sånn derre SMS, Gunhild inviterte på bolla med sjokolade i...hellooo - kvifor ikkje? klokka var no ikkje meir enn 0245, Marita vart sulten...mmm nybaka bolla! Helen, Sandra, Gunhild, Erlend og Sigmund var ansvarlege for "bolle kalaset". So måtte vi heim å sove allemann. Etter fem minutt med kjøyring merka eg at eg var usedvanli trøtt, og eg kom på den kampanjen "sov i 15 minutt", men eg pressa meg sjølv til å være vaken til eg kom meg heim - og det funka. Når eg hadde lagt meg måtte eg etter ei stund sjå etter om eg hadde huska å tatt av meg skoa, for det kjentes ut som om dei pressa på beina enda...men eg rakk ikkje sjå etter før eg sovna - eg orka ikkje.

Ingen kommentarer: