søndag 8. juni 2008

Eg lurar deg med målaren min


Innleiing: Sist eg gjekk bensintom var det varmt i været, og eg kunne rett og slett ikkje skjønne kvifor det gjekk tomt, for eg meinte målaren ikkje var heilt på det tommaste. Folk lo bare av meg, Marita, klomsete Marita veit ikkje kordan ein skal lese av ein målar ein gong. "Jaja" tenkte eg, "det er vel kanskje sant, og sida eg gjekk tom, så bekrefta det faktisk at eg ikkje hadde peiling", så eg slo meg til ro med det.
Hovuddel Det var ganske varmt, og sjølv om eg visste eg hadde lite bensin på tanken så måtte eg bare ta å komme meg inn på moa. Bilen starta, og gjekk som berre det. Og faktisk så såg det ut som det var meir bensin no enn kva det hadde vore då eg parkerte sist. Eg fekk gjort frå meg ærenda, og når klokka nærma seg 1800 måtte vi fyke innover til byen, for eg skulle i utdritingslag 1815. Plutselig merka eg at gassen ikkje virka meir...det virka kjent, men eg huska ikkje frå koritd. So ser eg at lampene begynne å lyse, OH-NO, eg var gått tom for bensin. Vi stoppa 80 meter frå ein bensisnstasjon, og selfølgelig hadde eg berre kontanta, og det andre kortet var tomt for penga. Eg og Gunhild fekk ringt til Erlend slik at han fylte den grønne kanna mi , som eg har blitt veldig glad i. Vi kom oss tilslutt inn til byen.
Konklusjon Eg greie faktisk å lese av ein målar eg. Eg hadde rett! Bensin målaren stige på bilen når det er varmt ute! Heilt sant! Skikkelig lure bil eg har! Det er alltid når eg og Gunhild er saman at slike ting skjer. Kvar gong vi er saman, utan unntak. Men heller mange slike hendingar enn å være uten Gunhild:)

1 kommentar:

Anonym sa...

arti,, hehe pleie du alltid å fylle på så lite så mulig for å finne ut kossen tankmålern virka?? :P hehe