laurdag 7. juni 2008

Kasetten


I dag når eg skulle leit etter ein CD i ein pose med masse rart i, kom eg over den fyrste kasetten som Hilde Kristin kjøpte seg; Sandi Patty - find it on the wings. Eg tok den med meg og satte den i kasettspelaren, no som før er det alltid eit problem å finne ut kass veg kasetten eigentlig skal settast inn, men eg fekk det til. Eg måtte smile då eg såg kor kul kasetten var. Musikken begynte å spele, uvant at den ikkje begynte frå spor nr.1, men faktisk midt i ein song. Og eg var forundra over kor dårlig kvalitet den var i - men for ein fantastisk musikk, og kvaliteten hadde ikkje noko å seie, for kvaliteten på dei gode minnene frå 90-talet støymde på! Ditta var kjekt, og jammen om eg huska teksten etter alle dessa åra! Fantastisk kult!
Kasetten fekk spelt seg ut på den eine sida, og eg skvatt skikkelig då den bråkete "snu-kasetten-lyden" kom. Eg prøvde verkeleg å få den til å spele igjen med å snu kasetten og til og med prøvde eg å spole tilbake, men ingenting gjekk.
Jaja, nedtur å sette ein cd i boomblasteren...kasetta er skikkelig kult!

Ingen kommentarer: