søndag 1. juni 2008

Alderdom


No desse dagane er det mange som gruar seg til vanskelige eksamensspørsmål, men det er seg slik at det kanskje ikkje er dei spørsmåla som viser seg å være dei værste.

Eg fekk spørsmål om kor gammal eg var no hinn dagen. Joda for min del er det ikkje noko gale å svare på det, so då skulle eg ta å gje dei eit svar.
Eg er....20. 21! 22? Nei, 20. Ehh...
Ditta her var pinelig skal eg sei deg. Eg hadde gløymt kor gammal eg var! Det var noko med 20 huska eg, men meir huska eg ikkje. Tilslutt måtte eg berre avbryte samtalen med å sei at eg var fødd i 86. 2008 minus 1986 = 22. Jo eg vart 22 år ditta året her.

Det er vel ikkje derfor kvinner er så redde for å få spørsmål om kor gamle dei er? Har dei rett og slett gløymt det, eller er det rett og slett fordi bursdagskaka ikkje innehelde like mange antall lys som antall år? Jo, eg trur det er derfor. Dessutan så har kvinnene meir enn nok med å halde orden på kor gamle alle rundt dei er og blir, og kass dato folk har bursdag på osv...eg derimot, eg huskar ingen av delane.

Ingen kommentarer: