tysdag 3. juni 2008

Pjuh


Eg vakna i dag og trudda klokka var 1500. Alt tilsa at klokka skulle være mykje meir enn den viste seg til å være:
1. Eg var LYS vaken
2. Kroppen inneholdt ei kraftig dose med "forsove seg" fenomenet, type "WÆÆ-stress"
3. Det var veldig veldig lyst ute
4. Sola skein som berre det
5. Og det var so utrulig varmt!!!

Men trass i mine 5 velbegrunna punkt var ikkje klokka meir enn 0815.
I lystig humør måtte eg smile då eg skjønte at det var siste dagen eg måtte stå opp for å lese, pugge, helsepolitikk, pedagogikk, psykologi, sosiologi og sosial antropologi.Eg trudde faktisk at eg skulle få mykje kunnskap ut av dinna dagen her. Men det som har vore tingen er at det har vore så utrulig varmt at eg har blitt heilt utslått. Ja faktisk. Det funka heller ikkje når eg var så varm at det slo over til ein kraftig fornemmelse av akutt og kronisk trøyttheit. Eg orka ikkje sove, senga var for varm, og eg måtte lese. Golvet? jo eg kunne lagt meg der, men det skulle vore støvsuga først...men det var for varmt til å støvsuge.
Eg for ut og avkjølte meg og vakna litt, men etter å gå opp 5 etg, slo det tilbake som det var.

Korleis veit eigentlig folk kor varm sola er? Når den er so varm som det blir påstått, då vil vel alt ta fyr/smelte om det nærma seg, dvs det går ikkje å måle temperaturen på sola...hmm mystisk

Ingen kommentarer: