søndag 8. juni 2008

Valaker støylen

No når det er ferie var det deilig å sette kursen heimover! Til mor, far, lille søss og lille brow. Kom fram til Innvik kl 1330, og då skulle familien opp på Valakerstøylen på ute gudsteneste. Det var varmt i været, og alt såg ut til at det skulle bli ein fin tur. Eg fekk låne nokre støvlar med 
mor, som var 2 nr forstore, og so farta vi med bilen opp til "Karistova" og gjekk derfrå.


Det begynte å regne då vi kom fram, og eg trur samtlige der oppe misunna pappa for den kvite varme kjolen. Til og med pappa syns det var litt drøyt med regnet slik at han skippa ein salme og gjekk rett på preika. Og joda, preika tok han på husken, for elles ville bibelen blitt gjennom blaut.

På tur heim for eg og Mirjam og sprang omkapp i alle myrene vi kunne sjå. Eg vant! hehe og nei, ikkje skyld på at eg er 10 år eldre, det innebære faktisk tyngre klede og tyngre støvla. Hehe. Mirjam gjekk med på at dette var sant. Seieren var gyldig.
Etter masse vatn i støvlane, og slitne bein, kom vi oss tilbake til kjære Innvik-huset. Det vart ein kjemp fin tur.
Du, forresten, trur ikkje du den orange sekken vart med på dinna turen her også?

3 kommentarer:

Anonym sa...

selvfølgelig er orange-sekken med! ingen tur uten den...
off jaja... kanskje vi har fått en iten ide om ka vi kan kjøpe til dei til jul....

Mar!ta sa...

hehe ja du det kan du være sikker på...men eg trur dei kjem til å bruke orange sekken alikaval:) hehe
Eg syns det var rart mamma kvitta seg med den dongeri-veska si...den som ho hadde katten i ! hehe
...den var forresten kul, den hadde eg hatt lyst på !

Mirjam og hunden Tanja sa...

du veit dinna derre rosa veska som stod inne på kjetil sitt rom..
den sa mamma at den var ho sin, og så kasta ho den!!! ( buhuu )