søndag 1. juni 2008

Future Burger


Du store mi tid, for noko rart. Eg har lenge tida lurt på kva den neste tingen som blir funne opp kjem til å bli, og i dag fekk eg svaret; hermetisert cheeseburger. Framtida? Er det litt sånn her den skal bli? Nei, då veit eg ikkje om eg har lyst å ete noko i framtida..
Har du høyrt noko so gale? Hermetisert Cheesburger, burger på boks. No er det seg faktisk slik at du kan ta med deg ein klar burger når du skal på fjelltur, til den kinesiske mur, eller rett og slett om du vil berre ha den til utstilling. Bildet ser no ikkje så gale ut, men eg lura på korleis burgeren med tilbehør blir sjåande ut etter nokre dagar eller månader (eg lura på kor lang holdbarhet det er på dei...) i boksen. Nei uff, men eg må nok sei at eg skal bestille ein slik, for jo, du kan bestille over nett, riktig nok får du den ikkje samme dagen då du bestilla den, men det gjer no ingenting, du får deg no ein opplevelse når den kjeme. Her er adressa om du vil ta å slenge inn ei bestilling, eller rett og slett berre smile litt (eller veldig veldig masse): www.trekking-mahlzeite.de

Ingen kommentarer: