søndag 22. juni 2008

Litt melk, fordelt i to glas



6 minutt var igjen av kampen mellom Spania og Italia då eg hugsa på at det var kamp. Brøda var nettopp tatt ut av omnen og rundstykka var framleis usteikte. I full fart fekk eg telefonert til ein "nabo" og fekk lov til å kome dit å sjå dei siste minutta. I galopp fart gjennom stova, greip eg eit koppehankle - kasta det rundt brødet, reiv med meg bilnøklane og kjørte i eit ganske så heftig tempo til eg kom fram. Eg rakk dei siste minutta av kampen akkurat ikkje....heldigvis var det ekstra omgongar, og som ein ekstra bonus for at eg kom forseint vart det straffekonk...
Spania vant.
Kvelden vart avrunda med nysteikt brød med brunost, og to glas med melk...først mitt,så Olav sitt...unnskyld Olav, men du tok skalken min!

2 kommentarer:

Mirjam og hunden Tanja sa...

de pattene på bildet der er altså av en hund!! thihi;)
god appetitt!!
eg kan jo sende et glas med tanjamelk til deg;)

Mar!ta sa...

hehe nei det er nok ein hest ditta der du:)
Bare drikk Tanjamelka di sjølv du!