tysdag 24. juni 2008

Den livsviktige folkeplaga


Når skyene e grå, og regnet plaska ned, er det nok av folk som klaga. Regnet, som er livsviktig, er ei folkeplage. Folk frys, folk blir våte, mascaraen renn, og skoa tek inn vatn. Heilt seriøst, så veit ikkje eg ka eg skulle gjort uten regnet! Jo, altså, det å ligge å sole seg i ein ørken hadde ikkje gjort meg noko, men på grunn av at det ikkje hadde regna så ville vatet ha tørka inn, det hadde ikkje blitt gras, kua hadde sulta i hjel og eg hadde ikkje fått melk. Eg kunne laga rekka so mykje lenger, men eg orka ikkje. Og ja, sola er ein flott ting det også, men det er noko som skjer med meg når det regna. Ikkje når eg sitt inne og ser ut på regnet, då e det bare trasig. Heller ikkje det å være ute for å arbeide når det regnar er kjekt. Heller ikkje litt regn er kjekt, det må være masse masse regn!!
Når eg ”oppsøke” regnet e det heilt fantastisk. Store dråpar, som renn nedover panna og smalar seg som ein snørrdråpe på nasetippen sånn at eg kan blåse den vekk! Hærlig! Bare stå å sjå og høyre på regnet er utrulig flott. Faktisk det å kjenne at buksa blir gjennomblaut og at vatnet renn ned i skoen slik at sokken blir avfarga og stygg, er ein flott følelse. Når eg står ute i regnet kjenner eg at eg kan slappe skikkelig av! Medan eg ser og høyrer regndråpane fell i bakken må eg smile. Livet e hærligt folkens! Plutselig tar eg meg sjølv i å stå å smile, eller synge. Off hjelp, tenk om folk såg eller høyrte meg... Jaja folk trenge å smile meir!
Derfor tenkte eg at eg skulle starte dagen med å fare på joggetur. Etter ein god frukost "spente" eg på meg joggeskoa og sprang avgarde. Men det regna so masse at skoa vart skikkelig tunge, sånn at eg måtte gå det meste av vegen...Når eg hadde brukt ei god stund ute i regnet, og sokkane var klissbalute, så måtte eg fare heim....Så no sit eg her i sofaen og ser på katten som ikkje har peiling på at eg var borte med dyreklinikken og bestilte time for å kastrere han…
All we need is the rain! Lord rain on me!!

Ingen kommentarer: