laurdag 15. desember 2007

Svin!!!


Etter ein lang dag på skulen, på ein laurdag, då eg er i modus "helg =fri frå skulen, ikkje bruk dagen på å lese", var det godt å kunne stikke heim etter ein dag på 8 tima, med masse masse pausa, og mandarin eting.
Når eg for måtte eg no bortom Spar ein tur for å kjøpe meg noko ferdig middag, altså ikkje Fjordland, for det gadd eg ikkje å måtte lage til, alt for masse ork, det skulle være ferdig mat, type varm mat. Så då falt valget på ei eller anna gryte med kjøtt i, type svine kjøtt. Når eg kom heim var det stor stas når eg dekka på bordet til meg sjølv og eg smilte over tanken på at eg slapp å gjere noko forberedelse til måltidet, bortsett frå å dra ut stolen og ta av lokket på boksen. Så skulle eg begynne å ete, men off eg må sei at eg vart ganske så skuffa. Altså maten den var varm den, og det smakte ganske bra, men kombinasjonen av svine kjøt og pasta var ikkje heilt bra, kanskje mest fordi konsistensen på pastaen minte meg voldsomt om flesk, og sida pastaen ikkje smaka så mykje, så trudde eg heile tida at det var flesk eg gafla i meg, så då måtte eg nesten bare svelge ned utan å tygge så veldig masse, fordi konsistensen var ikkje heilt på topp! Og då vart det litt sånn at eg grua meg til den neste munnfullen eg skulle ta…Men mett vart eg, og eg slapp oppvasken, og eg slapp å lage det sjølv, noko som eg kanskje berre hadde blitt enda meir misfornøgd med, så dagens lærdom: vær takknemlig over den maten og den middag du får, sjølv om det eigentlig minnar om ein fleske-kompott!
Nei off, sjå bildet da, eg har ikkje lyst til å ete svin meir, sjå kor fin den er då! Oh-no, tenk om eg har ete mammaen til ein liten sånn grisunge, sånn at ungen blir heilt aleine slik som ”Heldiggrisen Babe”, så dør den nesten fordi den savna mammaen sin så masse at den ikkje greie å ete, og dør av underernæring!! Nei off.

Ingen kommentarer: