måndag 3. desember 2007

Lastebil/trailer


Då blei det etter masse fram og tilbake endelig tid til å reise...eg skulle egentlig satse på å være framme før det vart mørkt, men eg kom meg ikkje frå Ålesund eingong før mørket låg som eit dekke. Godt på veg, rettare sagt midt på Vegsund brua så svikta vindusviskerane meg - igjen! Mot meg kom allslags trafikk, og mesteparten besto av store trailera/lastebila(kva er eigentlig forskjell på desse to, eller er det forskjell), slike transportmiddel som etterlet ein god del med vatn og salt på ruta....eg fekk funne fram til ei busslomme og tørka av ruta - med ein serviett!! Det å komme seg ut og inn av bilen var eit einaste stort ork, for katten prøvde å komme seg ut for å flykte. Som vanlig satt han og mjaua verdas styggaste mjauing i si største fortvilelse over det å måtte være med på bilkjøyringa. Eg kom meg omsider til ferja. Eg såg ei dame i bilenframfor meg sat på viskerane sine og spruta litt spylervæske på ... åhh ho tar det som ein selvfølge tenkte eg, mens eg prøvde å holde humøret oppe under all dinna forferdelige mjauinga...eg måtte stoppe 2 gongar til å tørke av ruta...off eg begynte å bli flau...det føltest ut som om dei som kjøyrte forbi trudde eg dreiv å pussa ruta, og jo eg gjorde vel eigentlig det og...Ein lastebil/trailer( åhh kva er forskjellen?) kom kjøyrande forbi, og spruta mass drit på ruta sånn at eg fekk fullstendig panikk ettersom eg ikkje kunne sjå ein ting ut ruta, eg måtte rulle ned ruta mi og pusse med servietten...men heldigvis kom eg meg fram, bildet er forresten etter den traumatiske hendinga...åhh det skal bli godt å sove, og sleppe katten si mjauing på ei stund!!!

Ingen kommentarer: