måndag 24. desember 2007

Glade jul, heilage jul


Eg våkna opp av tidenes regnvær ute, snøen har regna vekk, og det er mildt og fint ut, 8 grade faktisk, nesten sånn at eg får lyst til å gå å bade.
Vi har nettopp sett ”Tre nøtter til Askepott” og ”Reisen til julestjernen”. I stova sitte karane og knekke nøtter, til mamma si store glede som alltid er den første til å merke at det er fullt av nøtteskal på golvet og i sofaen. Her i den andre stova sitte eg og digga litt musikk, fæncy takt, og god tekst, eg føla faktisk veldig for å gå ut på ein joggetur, men nei, det skal eg ikkje. Av og til er det berre så godt å berre fare på ein tur, der det berre deg, og ingenting som forstyrra tankane dine, du kan gå rundt om kring og berre prate med deg sjølv og synge….ja nok om den saken hehe…
No fylle snart ribbelukta heile huset, og den vanlige samtalen om ribba er vatna godt nok ut, eller om den er for salt, byrjar snart, ”Den kunne godt ha vært i vann en dag til, for den var i saltaste laget”. Men eg trur kokken berre er litt beskjeden, for maten er veldig god!! Den samtalen, setninga som du veit kjem, den får deg jammen i julestemning.
Katten har funne favoritt plassen sin i huset, ikkje framfor peisen som nåkken andre jule klisje, men han har heller tatt plass under juletreet.
Seinare i kveld skal eg på nattevakt, så då forlet eg familien for å hjelpe svake og sjuke. Åh det høyrast så fint ut Så då skal eg jobbe frå kl 22 til 08 i måra. Eg får vel litt selskap av radio folka, og ved å sjå inn vindua til folk der familien er samla og ete mandarina. Nei, eg skal ikkje klage, eg har det fint! Det er ikkje alltid slik at ein får den typiske julestemninga, men det er vel eigentlig ikkje snøen som tel, eller mandarin lukta, eller all maten som er det viktigaste. Mange gongar er det lettare å fokusere på kva som manglar, for eksempel snøen, enn kva vi eigentlig er så heldige at vi har, og som vi har fått!! Hugs på kvifor vi feirar jul, og kva jula eigentlig handlar om. Det er stort. Så då vil eg ønske alle der ute i verden ei riktig fin og velsigna julehøgtid!

5 kommentarer:

Anonym sa...

det var no ikkje berre " karane " som knekte nøtter inne i stova eller da;)

Mar!ta sa...

Hehe nei du, det er aldeles rett, eg og du gjorde jo det og:)
Men du åt dei ikkje du di høne...hehe:)Du ete jo berre "rå" fiskebolla:) hehe

Anonym sa...

ikkje avslør hemmeligheten da, marita!!!!
det er jo tusenvis av andre som leser bloggen din da!

Mar!ta sa...

Hihih kass hemmelighet? At du ete KALDE, RÅ FISKEBOLLA???!!?! og at du IKKJE lika nøtte? neida, eg skal ikkje røpe det for resten av jorda:) hehe

Anonym sa...

Du har no gjort det allerede... HIHIHI