![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjA-svqRNEcbQQlIYpPjog8ByA2UHa3iTW0TrIyo1Wl-ZF6UA2nlZkrTuUF4vYVq1fpeLrEd52rsUYtE6fV6UftWTSm_KvactO2wI7L6YS9DzGOEtIfU9h8FbyOuBrWueJ9EiibxwD2rCM/s320/sskudd.jpg)
Ein ting eg har tenkt på, som det sikkert finnast eit svar på, er korleis folk veit at ei stjerne egentlig er ei sol langt der ute, for om dei er så uendelig langt ute i verdensrommet, kordan har dei då funne fram til at det er ei sol? Ta for eksempel ”planeten” Pluto, det er jo ingen mann, dame, pensjonist, sjukemeldt, voksen, ungdom, barn eller spebarn eller ka det no enn måtte være som har vore der, heller inga romferge, så alt ettersom eg veit, så kan det hende det er ein form for gassballong som er der og svirra rundt i bane, med litt jord og søle på? For kven veit egentlig kor alle gassballongane reise etter at dei har glidd ut av den snart skrikande ungen si hand? Ingen veit heilt sikkert…trur eg…
Åå eg huska eg mista min første gassballong, ein papegøye, kom heim frå Strynemessa og var ein så utrulig stolt eigar! Så, like ved hushjørnet, ved den stinkande kompost dunken, mista eg taket på det grøne bandet, og oppover for papegøyen…eg grein og eg grein! Derfor så er det alltid så trist å sjå når ein ballong er på veg opp mot verdensrommet…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar