onsdag 26. desember 2007

Frisøren meg



Ojojoj, i dag skulle egentlig mamma klippe lillesøstra mi. Men så fekk ho ikkje tida til det før dei reiste til Ålesund. Ho sendte oppgåva vidare til meg. E ho alldeles riv ruskande galen? Ho veit no det at ingen har tørt å sleppe meg laus på håret deira fordi eg e så vimsete. Men ja, eg tar jammen utfordringa eg – det er ikkje meg det går utover om resultatet blir katastrofalt. Det er mamma si dotter, og pappa si dotter, siden ho ikkje er myndig så er det dei som er ansvarlege for ho.

Menmen så fant eg ut at det å klippe andre ikkje kan være noko særlig stor sak. Eg har no vore med frisøren før og har sett korleis dei har gjort det med meg. Eg henta sprayflaske, kam og laken. Så begynte eg…lett som en leik tenkte eg mens eg dreiv å klippa. Men så, så finne eg ut at eg har klipt skeivt, Mirjam hadde hatt hovudet skeivt. Eg måtte begynne på nytt igjen – etter å ha klipt ei lita stund skulle det være i orden. Men til mi store forbausing vart det skeivt igjen, kammen var nødt til å være bøyd eller noko, for eg klipte no beint eg selvfølgelig. Stakkars Mirjam såg riktig nok så bekymra ut, mens eg berre satt å fniste bak hovudet hennar. Eg følte meg no litt proff då, der eg satt å dro i håret, klippa og kamma litt, før eg tok ein større jafs med hår som eg gjekk laus på. Mirjam kom stadig med bekymra ”Maaaritaaaaa”- ord, mens eg berre smilte tilbake. Tilslutt tørte ho ikkje ha augene opne meir.

Til slutt orka eg ikkje klippe meir, eg var jammen lei, dessutan vart det berre kortare og kortare. Men til mi store overrasking vart resultatet veldig bra!! Fekk faktisk klipt det opp litt og, sånn at ein ser at det er fleire lag med hår som ligg oppå kvarandre. Kult, eg veit nesten ikkje om alt av det var planlagt ein gong, men pff det ser bra ut. Det er no ganske godt at resultatet vart bra sida eg brukte 2 timar på det!! Neste prosjekt: brørne mine… Haha

 

3 kommentarer:

Anonym sa...

nei, eg trur no ikkje at du tør å klippe brørne da Marita!!!
men du var jo ganske modig som tørte å klippe håret mitt da!!!

Mar!ta sa...

Ja det er jammen sant! Og det vart no ikkje så alt for gale...eller? hihi

Anonym sa...

Neidaneida!!! du e jo ganske flink til å klippe da!;)