tysdag 4. desember 2007

Beware of the cat


Endelig i hus? Tja, eg må vel kanskje seie det trass i at det var 3 (TRE!!) grader når eg kom i går! Det var mørkt, kaldt og veldig mørkare og kaldare enn ka du kan tru! Eg fekk komt meg i hus, satt på litt lys, varmepumpa på max-speed, før eg fant ut at vatnet var slått av...då måtte eg ut av huset og ned i kjellaren for å skru på...Åhh eg var modig altså!! I går la eg meg faktisk kl 20! Det var rett og slett så kaldt at eg det var like før auga mine fraus til is! Så då var det rett og slett ikkje nåkå å sitte oppe for. Har no fyra i peisen i dag, og fått det godt og varmt her:) Dessuten så har eg laga lasagne, til ein heil familie på ca 14 stk!! Eg seie berre: fryseboks er bra å ha! Paazan er faktisk veldig god å ha her, hadde ikkje den dumme ukastrete hannkatten vore her, så hadde eg vore skikkelig redd trur eg...sjølv om eg ikkje er så veldig uredd sjølv om han er her heller...men katten fungera bra!!

Ingen kommentarer: