torsdag 20. desember 2007

Utdritingslag



Då var det endelig duka for utdritningslaget til ho Hilde. Jess jess, eg følte eg måtte finne på noko skikkelig sprell, men så når eg hadde prøvd å tenke fram ein del tankar, så syns eg så synd på ho som måtte gjennomføre dei, at eg rett og slett fant ut at vi berre skulle reise ein gjeng og ete ingen andre ringare plassa enn ”Sjøbua”. Men så syns eg no alikavel at eg måtte finne på nåkke sprell. Så då fekk eg lånt eit trekkspel frå Skarbrevika.
Ho hadde null aning om kva vi hadde i planane, og trudde vi skulle sjå på nåken vasa inne i byen (??) då eg slapp bomba. Ho sa ein gong til meg, at noko av det flauast ho kunne tenkt seg var å spele trekkspel på gata i Ålesund, pga at det pleier å stå nokre folk å spele, ho fekk heilt sjokk når eg sa det, og eg såg at ditta her var noko som fekk magen hennar til å nesten ville kaste opp.
Eg fekk søss til å stille seg opp midt i gata å spele julesanga , og synge til. Ho har aldri tatt i eit trekkspel før, noko som folka på gata fekk erfart, då dei gjekk over på andre sida av gata når dei måtte gå forbi plassen ho sto på. Kanskje ikkje rart, eg og hadde sprunge om eg ikkje hadde kjent ho, eller rettare sagt: eg og hadde sprunge der i frå om eg ikkje hadde måtte filma. Eg syns litt synd på ho, men ho greidde det utmerka, min definisjon på utmerka er ikkje ”veldig bra musikk og song”, men bra innleving, for det var bare å dra i trekkspelet med den same lyden heile tida Etter det så skulle vi på Sjøbua og ete. Pga at resten av teamet var litt seint ute måtte eg prøve å drøye ut tida litt. Stakkar Hilde, ho var livredd for kva eg skulle finne på no, og eg gjorde det vel heller ikkje noko betre då eg fekk ho til å frykte at alt kom til å skje med oppførselen min. Ho forsikra meg om at ho hadde mobilen i jakka, og eg trur ho var veldig veldig redd for at eg skulle skubbe ho ut på sjøen eller nåke sånn..off stakkars lille…Eg fekk tatt ho med inn på restauranten der dei andre sat og venta. Ho vart veldig letta over å sette seg ned, men eg trur ho bar med seg skepsisen til kva vi hadde vidare i planane.
Etter eit heilt fantastisk måltid, for vi ein tur på Lyspunktet og avslutta med ein kaffi, og masse artige og trivelige samtala. Eg trur alle synes det var ein koselig kveld, og alle vart godt mette.

Ingen kommentarer: