fredag 21. desember 2007

God jul frå Moa


Det skal ikkje alltid være like greitt, for kvart år så går eg på den samme ”fella” om og om igjen. Det pleie å starte ved dat eg går intetanende om kring på Moa for å få kjøpt dei første og siste julegavene som eg aldri fekk begynt på, datoen er rundt 21 desember. På moa er det duka opp med fult kaos, folket stoppar rett etter rulletrappa sånn at det blir ei einaste stor overbelastning for rulletrappa, og det blir vanskelig å gå bakover i rulletrappa når det er folk bak deg som ikkje har oppfatta at det står folk rett nedenfor trappa. SÅ då må ein berre ta sats for å komme seg igjennom den tette proppen med folk. Når ein har komt seg ut av denne, er det alltid folk som står på kvar si side av ”vegen” og gaular til kvarandre, men det er jo berre greitt å få renska opp litt i ørene, for dei ropar jo så høgt til kvarandre at dei vibrasjonane som blir sendt inn til trommehinna mi riv med seg det meste utav dritt og lort og ørevoks på veg ut, så takk til Moa for den årlige opprenskinga. Når eg skal gå over gang brua ana eg fred og ingen fare, før nokon framfor meg alltid møta på nåkken bekjente som går den andre vegen, dette resultera selvfølgelig i eit brå stopp, og slik har ein ny folke-propp blitt danna på Moa. I full panikk, fordi det er sikkert 30 grader i den overgangen, får eg bana meg fordi folka og prøver så godt eg kan å smile for ikkje å ”komme her og komme her” når eg bana meg igjennom. Heilt på slutten av overgangen kan eg puste letta ut, senke skuldrana og kikke ut på kor flott det er med alle lysa ute, men eg gløyme stadig vekk den same leksa. For når eg ser ut av vindauget så ser eg rett på ein nisse som klatrar opp på ruta…WÆÆÆ eg kjenne eg gjer det same like lange bykset kvart år, og eg blir like flau slik at eg må forte meg inn på Cubus og late som ingenting, men det går aldri. Eg trur folk kan sjå på meg og sei ”sjå, sjå, der e ho der som er så redd for han nissen”…Så då går eg inne på Cubus og ler for meg sjølv. Det er jo veldig bra, ingen folk som ser rart på meg, og når eg tenkar over kor dumt det er å gå å le høgt inne på ein butikk heilt åleine, jo då må eg berre le enda meir, og sånn skjer det kvart år. GOD JUL FOLKENS!

2 kommentarer:

Anonym sa...

hihihi, du e ikkje den eineste som går på den nissen ;)

Mar!ta sa...

Hahaha det er godt å høyre Siwa!! Neste år skal eg ikkje gå i den same fella!!