søndag 16. desember 2007

Ola og Kari


Nybakt skive med brunost høvla av den fæncy ostehøvelen, Kvikk lunsj, Se&Hør, kongefamilien og stortinget, lusekofte og ullsokka, rømmegraut og spekemat - litt av det mange tenke om å være typisk norsk. Noreg er eit fantastisk land, ingen har flottare land, ingen har flottare kultur, ingen har betre folk, vi er rett og slett BEST…hmm tja nokre er vel så rare at dei trur det…
Om det er ein eller anna songar eller eit populært menneske som gjer det bra for tida, så gjer folk alt dei kan for å finne ut om personen har eit eller anna norskt gen. Og har personen det – jo dess betre blir det dei kan skrive om personane – for han er jo norsk. ”Tipp tipp oldemora til Ola-Utlending, Kari Nordmann, emigrerte frå Noreg til Amerika då ho var gravid og 19 år. Ho forlèt familie og vener for å prøve lykka over det store havet. Ola-Utlending har lengta lenge etter å spore opp røtene frå Noreg, som han lenge har hatt ein lengsel om å ein gong oppsøke familien...” Ved å ta eit lite fint bilde frå det idylliske Noreg sitt bondelandskap, kanskje med ei ku eller noko sånt, så har dei forsida på avisa klar! For ei fantastisk historie, Kari Nordmann, som gav opp livet sitt med den gode fattige familien for vidare å tenke på framtida til barnet og hennar eiga framtid. Nesten sånn at du har lyst å begynne å grine over kor flott ho Kari Nordmann var, og det ho var villig til å gjere for det lille barnet.
Men kanskje Tipp tipp oldemora til Ola-Utlending, Kari Nordmann, eigentlig var ei jente som vart kasta ut av landet, fordi ho tente på alle trea og alle fjøsa ho såg, for så å velte alle kyrne, stele all mjølka og lage ost og fløte og selje det til dyre prisa sånn at ho vart rik, og kunne kjøpe seg ein diger båt spesial bestilt båt frå Tyskland, slik at ho kunne fare over til det nye landet, med mange fjøs, og endå fleire tre. Og ho var slettes ikkje gravid – ho var bare blitt stor om vomba fordi ho hadde ete så masse ost og fløte, fy for ei fæl dame! Før ho reiste så tvinga ho 24 personar til å være tenarane hennar, dei måtte skure golvet på båten kvar dag, morgon og kveld, dei måtte lage fløtegratinerte poteter og fiskegrateng med ost på toppen til ho kvar dag, mens dei sjølv måtte nøye seg med tørt brød med sveitt brunost. Ditta her derimot, det kan avisene skrive om Ola-Utlending blir stoppa i fartskontroll og får ei bot.

1 kommentar:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Det er ei utfordring til deg på bloggen min!!

- ha en flott dag!! -