laurdag 29. desember 2007

HK&PK


I dag er bryllaups dagen til HildeKristin og Per-Kristian.
Dagen starta med ein lang varm dusj, og eit voldsomt stress med å få ferdig alle tinga før vi skulle reise. Eg måtte lage til 4 knapphulsblomster, finne ut kordan eg skulle få ut talen min, finne ut kor eg skulle få tak i sikkerhetsnåler til kjolen, få informasjon om kva eg skulle gjere i kyrkja, og elles i løpet av dagen.
Vi for inn til frisøren kl 10. Då sprang eg og fekk printa ut talen, og fekk tak i sikkerhetsnåler. SÅ var det min tur å sette meg i frisør stolen. Hk var heilt roleg, medan eg stressa og var super nervøs.
Etter kvart vart håret mitt ferdig, og HK satt fortsatt i stolen for den siste make up’en, og den siste touchen på håret. Eg måtte få på meg kjolen min. Det var ikkje så enkelt aleine, for der var snøring på kjolen bak. Når HK var ferdig med hår og sminke, måtte eg hjelpe ho på med kjolen. SÅ måtte ho hjelpe meg. HK vart kjempe fin! SÅ var neste prosjekt å kome seg inn i bilen. Du store mi tid, det var no eit prosjekt i seg sjølv, og eg kjente eg grua meg til HK skulle ut av bilen neste gang, for kjolen var krittkvit, og om det kom gris på den, ville det vise skikkelig godt. Etter å ha kjørt i 10 min kom vi fram til kyrkja, og eg, eg var dritt nervøs. Hk var rolig. Vi kom oss ut av bilen og fekk komt oss inn i den vakre Borgund Kyrkje. Brudebuketten fekk ho i henda sine, pappa sto ved høgre sida hennar, brudepikene Mirjam og Miriam var klare, og eg skulle gå bak bruda opp til alteret. Då vart dørene opna, eg holdt på å begynne å grine med ein gong, eg skalv. Hk var rolig. Eg visste ikkje kor eg skulle sjå når eg gjekk bak ho, eg tenkte berre på å ikkje gå for fort for å trakke på kjolen hennnar. Så kom vi fram og PK henta ho, no var tida komen for at eg måtte ordne på kjolen hennar. Det gjekk heldigvis bra. Så skulle vi sette oss ned. Eg tenkte heile tida på å ikkje sette meg ned før bruda og brudgomen hadde satt seg. Så når presten begynte å prate kom eg på at eg hadde glømt å ta med meg dei bibelversa eg skulle lese. Eg vart endå meir nervøs, og fekk kviskra smilande til HK at eg hadde gøymt arket heime (arket som eg ikkje hadde laga til enda). Ho sa det ikkje gjorde nokon ting, og at eg skulle ta å lese noko av Torbjørn, den andre forlovaren sine vers. Eg reiste meg og gjekk mot mikrofonen, heldigvis låg Torbjørn sitt ark der. Slik vart heldigvis det problemet løyst. Så skulle dei gje sitt ”ja”, og det gjorde dei. Når songen ”deilig er jorden” var spelt og sungen, klarte ikkje eg å halde auga mine tørre lenger, du store mi tid, eg håpte berre på at dei skulle bli ferdig med å spele, og det hjelpte heller ikkje når eg satt lengst ned mot kyrkjelyden, og at eg var utrulig nervøs. Viinga var over, og folket gjekk ut av kyrkja. Neste prosjekt: få bruda inn i bilen utan å få flekkar på kjolen. Resultatet vart bra. Så for vi til fotografen, og vidare til Misjonssalen der festen skulle være. Det var god mat og masse gode kaker – trur eg, eg var svolten men hadde ikkje roa til å ete. Det hadde vore for masse å tenkt på den dagen. Men det var no like greitt, så slapp eg å sprenge kjolen. Tida var komen for å ta bilde, å nei, det var så travelt å stå å smile heile tida, eg kjente eg fekk vondt i kinna mine, men etter å ha fukta leppene og tennene eit par goner, var det heldigvis ferdig.
Det var masse koselige folk å prate med, og vi hadde ei trivelig stund saman. Bryllaups paret skulle på bryllaupsreise til London, og reiste dagen etter festen.
Når festen var ferdig var det tid for opprydding, eg er jammen gla for at eg hadde med meg tøflar, og meir lette klede å arbeide i. Etter 2-3 timar hadde vi fått vaska og gjort reint etter oss. Og så kunne vi fare heim. Den natta var eg så sliten at eg låg akkurat sånn som eg hadde lagt meg når eg våkna, eg hadde vore for sliten til å bevege meg. Og natta – eg skulle ønske den var minst 5 timar lenger.

2 kommentarer:

Anonym sa...

det der er nu en skikkelig " søster bryllup" det ja!!! HIHIHI
lille gris...:)

Mar!ta sa...

jepps, klare alle sammen:)