![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiZVmyGWqaQhQXvn89VE3e8pnX-uxTrwYgWTG1qqOYRVhkKpf9TOPRU-RNFqdwI4Fr4TTozluvsNX0OFxg9Rr0WQKPqnBI5ND5WyU4VubVwwxQE3obnqNRkjS4ZpWdVfqUQhnvDl5_y1L0/s320/jhkkhiug+032.jpg)
For å kunne koble heilt av med lesinga er det ingenting som er så godt som å gå ut ein tur. Eg gjekk ned i fjøra vår, ned til det grå naustet som spegla seg i det klare vatnet, og dei to små øyene som eg ein gong skal komme meg ut på...
etterkvart fekk eg selskap av Paazan. Han er no ein going, følger meg overalt liksom ein liten dum hund. Så pleier vi å springe om kapp det siste stykket bort til huset...han vinne alltid, sikkert fordi han blir livredd når han høyrar lyden av dei bly tunge skritta bak seg....
Sat meg ned når eg kom inn igjen og skreiv eit dikt...
Handa mi
Ein lengsel så stor at det trykker
Eit sakn så stor at eg er tom
Ein tomheit så stor- eg høyrar ekko
Eit ekko så høgt at eg blir redd
Kom ta handa mi, gå ved mi side
Ein lengsel så stor at det trykker
Eit sakn, men eg er ikkje tom
Den tomheit som var – den er borte
Ekkoet stilnar – eg får svar!
Du greip handa mi, du er alt hjå meg
Eit hjarte, eg løfter det til deg Far
Eit liv, eg ledd det ned for deg
To auge, Herre opne mine auge
To føter – lei du mine steg
Du greip handa mi – du er ved mi side
Herre, du gav svar, du leier mine steg
Far, din kjærleik, eg takkar for di nåde
Du greip handa mi – du er alt hjå meg
Marita'07
2 kommentarer:
Nydelig dikt du har her!!
Tusen takk:)
Legg inn en kommentar