fredag 28. desember 2007

Dagen før dagen

Sto opp tidlig i dag for å få henta alle blomstrane til bryllaupet. Først innom den eine blomsterbutikken – så den andre. Og fekk etter kvart plukka med meg alt det eg trengte.
Så for vi til Misjonssalen for å starte pyntinga.
Eg fant det eg trengte og brukte bla ein kake spade til å del opp oasisen.
Ein veldig god kakespade forresten, ein slik ønskar eg meg. Hehe.
Først skulle eg lage 11 dekorasjonar. 1 problem: liljene som eg hadde bestilt var ikkje kome ut. Dekorasjonane skulle ha 3 liljer kvar som då var berekna til plassen sin når dei skulle være sprunge ut. Eg fekk laga dekorasjonane halv ferdige, fordi liljene måtte settast oppi seinare, når liljene forhåpentlegvis hadde sprunge lenger ut. Derfor måtte eg snitte dei og sette dei i varmt vatn ganske så mange gongar. Så fekk dei seg ei runde under varmepumpa før eg fant ut at eg måtte sette dei mellom to spottar, slik at dei kunne får varme frå desse. Og då vart det sus i serken, men ikkje nok til at dei spratt ut, så derfor måtte dei berre plasserast i dekorasjonane, utan at det gjorde noko spesielt mykje, tatt i betraktning at dei eigentlig skulle vore sprunge ut.

Neste prosjekt var å lage den store dekorasjonen til kakebordet. Dette gjekk greitt, men her må ein også ta i betraktning at liljene skulle vore sprunge ut.

Så måtte det ei pause til – ei lang pause. Men halvstekt Grandiosa, som var utrulig god og mettande!! Og ei pause i sofaen då eg berre måtte tenke over kva slags ansvar eg hadde tatt på meg. Les føljande avsnitt:
Neste prosjekt var å få ferdig brudebuketten. Ja kordan skulle eg få begynt. Fordi eg har aldri i verden laga ein brudebukett før. Og eg har heller ikkje sett på nokon lage brudebukett, og eg har heller ikkje sett så mange brudebukettar før heller. Kva i alle verdens dagar hadde eg sagt ja til. Eg prøvde å halde roa for ikkje å uroe bruda, eller i det heile vise min store usikkerheit til alle dei andre folka som var rundt om kring. Ditta her kom ALDRI til å gå. Eg måtte vente med å gjere noko som helst til alle folka hadde gått. Og det gjorde eg. Men den vordande bruda vart igjen. Eg begynte å stikke inn i oasisen, og kjente pulsen steig etter kvart som eg dreiv å skulle lage buketten. Men du verden, den vart slett ikkje galen, den falt veldig i smak hos bruda, og det var godt. No kunne eg endelig slappe av.

Neste prosjekt: Lage 2 bukettar som skulle stå i kyrkja. Det gjekk veldig greitt, og var fort gjort. Tatt i betrakning at ikkje liljene var sprunge ut.

Neste prosjekt: lage 4 halv ferdige knapphulsblomar
Neste prosjekt: Rydde opp og moppe golv.
Så kunne eg og den vordane bruda fare heim til hybelen min, for å sove, trudd eg. Men då kom eg på at eg måtte finne smykke og øyredobbar til dagen som skulle kome. Pluss at eg kom på at talen min ikkje var printa ut, oj kordan skulle eg få tida til å øve, jaja eg fekk ta det på rak arm og forsøke så godt eg kunne når tida kom for at eg skulle tala, pluss at eg kjolen, som eg har prøvd før, viste seg å være 10 cm for lang. Eg måtte fram med saks for å klippe underskjørtet, og sida eg ikkje tørte å sy, så måtte eg kjøpe sikkerhetsnåler dagen der på, for å forsøke å få den 10 cm kortare i alle fall slik at eg ikkje skulle snuble.
Mange tankar i hovudet den natta før eg fekk sovna. Bruda var rolig, kanskje det ikkje var så lurt at ho overnatta med meg, sida forlovaren liksom er den som skal forsøke å roe ned personen som skal gifte seg, ikkje omvendt? Men det gjekk bra. Ho sovna fort slik at eg kunne ligge å gruble litt til over korleis tinga skulle bli gjort på den dagen som allereie hadde begynt sida klokka var godt over midnatt og vel så det.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Du eeee sååå flink til å lage blomsterdekorasjon og sånt!!

Mar!ta sa...

Tusen takk søta:)

Anonym sa...

Du er no søtere enn meg da søta;)

Mar!ta sa...

Men du er jo søtare enn søtast som er søtare enn søt!

Anonym sa...

Men du er jo søtare enn søtast som er søtare enn søtare søtast enn søt!!!!!!