fredag 7. desember 2007

Eit udyr!!


Det er utrulig godt å våkne opp til eit varmt hus, men når døra inn til kjøkkenet blir åpna, er det nesten som om eg skulle lata opp ei dør til nord polen! Skikkelig kaldt, så då må eg til å fyre i peisen... har hatt det ganske koselig framfor peisen, kjenne nesten at buksa smelta inn i leggane fordi det er så varmt, det varma godt! Turen gjekk ein 2-3 gonge til vedkjelleren, å der inne er det mørkt og det er sikkert masse edderkoppa der inne...i dag når eg skulle inn å hente ved såg eg noko merkeleg...dørkanten på døra hadde aldeles blåst av hengslane...jaja det blåste no kraftig den natta så eg fant ut at det var vinden som hadde vore å gjort hærværk på døra...når eg fekk studert litt meir nøye, la eg merke til at det var nokon som hadde prøvd å grave seg inn i kjellaren, altså nokon= eit dyr. Eg rygga litt vekk frå døra, og psyka meg opp til å ta av låsen og sparke døra opp...men døra har glidd litt ned sånn at den stoppa av golvet når den var sånn halv åpen....Eg turte ikkje gå inn, så eg kasta Paazan inn i stadenfor, sånn at det dyret som hadde gravd seg inn åt han og ikkje meg....men han kom traskande ut igjen etter litt, så då tørte eg å gå inn. Det var ikkje noko villdyr der inne! Eg plukka med meg litt ved, og hadde ein pose over handa ifall det skulle være nokre ekkle krypdyr på veden... Og der, ut av ingenting, fekk eg auge på dyret!! Eg kasta ved skiva i gulvet og hylte som ein vill sau, før eg sprang ut av vedskjulet med "vedbøtta" på sled....Det var eit digert dyr, som hadde festa augene i meg, og skulle til å angripe...det var bare så vidt eg kom meg unna...Eg forta meg inn, og såg over resten av veden for å sikre meg om at det ikkje var fleire dyr, type edderkopp, som var på dei...

Ingen kommentarer: