søndag 30. desember 2007


Etter ei natt med ikkje så veldig masse søvn, var tida komen for å stå opp og reise inn til byen for å hente resten av slekta. Dei skulle reise den same dagen, så det var kjekt å få ei lita stund saman med dei før dei tok flyet ned til Sørlandet igjen. Medan vi sat der vart folket trøyttare og trøyttare, kanskje ikkje så veldig rart når vi var igjen alle saman og rydda etter festen. Klokka vart mange før vi kom heim og fekk lagt oss.
Når slekta skulle reise var neste prosjekt å få rydda opp i leilegheita til brørne mine, før vi tok reisa vidare til Innvik. Vi gjorde tidenes beste innsats og fekk ”shina” opp leilegheita på 40 minutt, så sat vi oss i bilen og bila heim til Innvik huset. Vi hadde gleda oss alle mann til å gå å legge oss, men det var så isande kaldt i huset at det å måtte legge seg ned under ei isande kald dyne, nesten var verre enn å gå rundt i huset og fryse, men etter kvart kom det seg. Men eg skal jammen sei det var godt å legge seg ned, og vite at ein ikkje hadde ting som måtte stellast i stand til dagen etterpå.

5 kommentarer:

Anonym sa...

men eg var jo ikkje så trøtt da Johan og dei var der... eg tok jo meg en " katteblund " saman med Paazan. men den varte jo ikkje lenge da, for Pk kom jo og dro meg ut etter føtene så snart eg hadde sovna;):)

Mar!ta sa...

Du og Paazan vart jo plutselig vekke, så ser vi bare beina dine og halen til Paazan sikke ut under duken...den eine pusta tyngre enn den andre!! :D

Anonym sa...

Ja... dere lurte no snart på om eg var en MONSTERKATT, og at Pazzan var en elektrisk katt som gjekk på strøm fordi vi fekk så masse støt av både han og meg!!!!!

Mar!ta sa...

HAHA *latterkrampe*
Ja, det var akkurat det vi trudde!!

Anonym sa...

jaaa....eg kan jo forstå det da... men er du på jobb i mårra kloka tre? kan eg heller svare deg da? og legge meg nu/spise nu?!... god natta (MARITA) mine god-natt.er er jo verdifulle;)