tysdag 11. desember 2007

Å sove, sover, skal sove, må sove

Etter å ha hatt ein lang dag med alt for masse lesing fant eg ut at eg berre skulle ta kvelden tidlig...klokka var ikkje meir enn 2000, men eg fant ut at det var like greitt å sove godt ut til den nesten dagen....så vokna eg, før klokka ringte, du store mi tid - ditta her skulle bli ein bra dag, for eg var fullstendig utkvilt, Fit for fight liksom. Eg skulle skru av vekkerklokka, og då til mi store overrasking fant eg ut at klokka ikkje viste meir enn 23.34!! ÅÅnei! No altså!!Ditta her går eg ikkje med på, eg skal sove, eg SKal sove, eg må sove, eg MÅ sove, søve eg no? Nei, ikkje enda, men snart...noda, søve eg? Neida sånn låg eg, heilt til eg var blitt så sliten av å tenke på ditta her at eg sovna klokka 0345. Ja, og når eg våkna klokka 11, då var eg trøtt da! 
Skikkelig skikkelig trøtt!!

Ingen kommentarer: