torsdag 30. oktober 2008

Morgenstund har gull i munn

Klokka rakk å bli så mykje (!) som 0659 da eg våkna. Det vil sei at klokka var 2 tima mindre enn då eg egentlig hadde tenkt å stå opp. Kun 5 tima søvn. Lysvåken. Heilt stille, mørkt, men neida eg var våken. Typisk, spesielt når eg har fri. Så då må ein berre gjere det beste ut av det...positivisme:

  • Eg våkna i allefall
  • Ein god frukost e eten, ferdig med det første "programmet" på dagen
  • Teen rakk faktisk å bli kald før eg drakk den, dvs ingen brannsår i eller rundt munnen
  • Morgensola ser utrulig bra ut i dag! Jess, det er faktisk sol
  • Andre som bur her har forsove seg, det har ikkje eg...mohahaha
  • Eg har for første gong tatt fotbad kl 0800, og har derfor "svømmehud" no. Gakk gakk
  • Eg rakk å sette eit ansikt på søppelmannen som bråka kvar torsdagsmrorgen- endelig.
  • For første gong etter sommaren så har eg sett rim på bakken og på bilen, jeey
  • Eg skal ut å jogge straks - får rykte på meg for å være ekstremt sporty
  • Dagen har starta med utrulig digg lovsang, og det skal den fortsette å bli fylt med
  • Dinna dagen her blir bra!!

Ingen kommentarer: