fredag 24. oktober 2008

"Gallamiddagen"


Dagen var endå ung da Ingjerd og eg gjekk mot Prixen for å handle inn til den storslagne gallamiddagen som skulle halde sted kl 1800 samme dag. Vi merka fort at vi var et bra team og handlinga gjekk unna med ein fei. Timane gjekk fort og nesten med eitt så var klokka blitt 1800. Vi hadde då fått laga til stroganoffgryte med heimelaga potetstappe, fått hjelp til å pynte bord og finstasen hadde komt på, faktisk så såg ditta her ut til å bli ein riktig så koselig kveld. Og det vart det. Herrenestale vart holdt av Marthe, og kvinnenestale vart holdt av Håkon - imponerande av dei begge to siden dei tok den ganske på sparket!
Etter vi hadde pressa i oss meir enn nok is m/masse tilbehør vart musikken skrudd på veldig høgt og alle sine danseføtter begynte å bevege seg ganske så heftig. Om det var ein kombinasjon av enten sukkersjokk eller mangel på søvn er det ingen som riktig veit enda - men ville tilstanda vart det uansett.  Sjølv om det er alkoholforbud på ditta huset her så kan eg vel egentlig tru at dei fleste som gjekk forbi stuevinduet vårt den kvelden måtte begynne å lure på kass rølpefest som vi holdt...Kvelden vart med andre ord ein suksess! Masse latter, mooves, grooves og alt som er viktige i kvardagen vart tatt igjen for den tida som har gått, og blitt lada opp ei tid framover, med kun is-tea innabords! 

Ingen kommentarer: