søndag 12. oktober 2008

Fakta om mat


...ei oppsummering frå www.dagbladet.no (Nynorsk versjon, litt i allefall !!

Kvifor e mjølka kvit? – det er vel eigentlig for at dei andre fargane ikkje hadde passa så bra…om den var brun hadde det vore vanskelig å skille den frå Nesquik, om den var svart kunne ein fått brannskade om ein forveksla den med kaffi koppen…Dagbladet påstår at det er ein kombinasjonen av kalsium og kasein (protein). Pluss at fløten i melka består av kvitt feitt. Dvs, jo kvitare mjølk, eks h-mjølk inneheld meir enn skummamjølk som er meir grå på fargen. 

Kvifor gret vi når vi kuttar løk? – Eg gret aldri når eg kuttar løk, men jo tårene kan trille, men vi får stole på dagbladet… Du GRET fordi det produserast ein gass når ein skjære i løken, når den kjem i kontakt med augene startar kroppen sin naturlige reaksjon for å bli kvitt gassen – utskilling av væske, altså tårer. Ditta skjer ikkje om du kokar løken – for då har det alt komt så mykje vatn ut av krana at løken ikkje kreve meir av deg.

Kvifor det er hull i smultringen? – ellers hadde det jo ikkje vore så kjekt å ete smultring meinar eg, dessutan så er det litt kjedelig om alt må etast på nesten same måten som ei brødskive, men dagbladet seier at den ikkje ville blitt kokt skikkelig om det ikkje var hull i den…

Kvifor heiter det hamburger når det ikkje er ”ham” (skinke) i den? – det hadde vore litt rart om hamburger heitte nåke anna, for eksempel ”flat kjøttkake extended version” , dessutan så trur eg ikkje at alle dei som går ut på byen i seine nattetimar hadde klart å bestilt det. Dagbladet seier at grunnen er fordi at dei første hamburgerane vart laga i Hamburg som ligg i Tyskland.

Non Stop: akkurat no skjønnar eg koffer Non Stop har fått navnet det har, for dagbladet seie at det tar 45 timar å lage ein Non Stop!!! Den må faktisk dekkast av 60 lag med sykkerlake, der 30 av dessa laga inneheld farge! 

Egg og høne-fakta: har du eit egg i romtemperatur ein dag, så blir det like ”gammalt” som om du hadde det ei veke i kjøleskap. Det er derfor eg alltid kjøpar egg der det står ”alltid ferske gårdsegg”, då slepp eg at dei blir gamle.
Dei eldste høne-mødrene er ganske produktive, og legg ett eller fleire egg med 2 plommer i løpet av karriera si. Medan ung hønene ofte ikkje gidde å produsere plomma i det heile tatt!!!! Men dei gjer ein bra innsats uansett, for det tar 24-26 timar å legge eit egg. Men dei har rett på ½ pause akkurat som oss mennesker, for det er det det tar mellom kvar egg-produksjon. 

Brød: om du skal kjøpe eit grovt brød er det lurt av deg å sjå på kva som er den første ingrediense…e det kveitemjøl så er altså ikkje brødet grovt. Mange brødprodusentar lyg når dei seier at det er eit grovbrød når det eigentlig ikkje er eit grovbrød, men berre ein kopi. 

Fisk: om ein ikkje ete feit fisk til middag x2 pr.veke, eller ete feit fisk som pålegg kvar dag, så må ein ta tilskudd av omega 3. Eg har lært av mamma at ein ikkje skal drive å ”ta”, det er ikkje fint. Ikkje ta Omega3. Spør heller om du kan få lov. 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Skikkelig smart du!

Mar!ta sa...

jo takk takk, faktisk så kjeme det ganske naturlig. Hey, du burde prøve sjølv, du går glipp av nåke:)
(nåke= noe, ett eller annet, någe, something...)