tysdag 21. oktober 2008

Det å ha sykkel


Ettersom eg har hatt lappen og ein storslagen Sierra i 4 år, kjenner dinna jenta her på seg at det faktisk ikkje er så gale som eg trudde å være uten bil.  Det med å kome seg fram og tilbake på ein framand plass kan faktisk være ganske så skummelt, det tok faktisk lenge før eg satt meg på bussen her i Stavanger, 2 mnd faktisk, rett og slett fordi at frykta for at eg skulle sette meg på feil buss var umåtelig stor, og dels fordi eg ikkje har hatt behov for å ta buss! Men eg tok bussen for første gong for ei veke sida, og det gjekk jo fint - hurra for meg! Men buss e liksom ikkje heilt meg, det er så travelt å være avhengig av å rekke den kombinert med at eg alltid somregel pleie å være litt forseint ute...eg bestemte meg heller for å investere i ein sykkel. No fortida går nåke av tida mi med på å kome meg til å frå jobb - på sykkel. Og det kan jo faktisk være eit prosjekt i seg sjølv, i allefall nåkken av dagane, no skal du høyre;

Dyra som helde til i Stavanger e faktisk ikkje som alle andre dyr rundt om kring i ditta vott liknande landet også kalt Norge, dyra i Stavanger e galne!! Måkene, eller måsene e ultra teite. Dei står midt i vegen og glana på deg når du sykla i mot dei, faktisk så er det eg som må styre unna dei så eg ikkje treffe dei med den fine blå sykkelen min med 21 gir! Ein morgen bestemte eg meg faktisk for å sikte på ei måke og sjå om den flytta seg, men den gjekk berre to tre måseskritt bortover vegen, eg vart skuffa over at den ikkje flaug vekk! Dagen etter var det ein heil koloni med kvite måkefuglar som sto på fotballbana. Som barn flest så syns eg faktisk det er artig å springe inn mot ein flokk fuglar å få dei til å fly alle sammen, så eg sykla i mot dei med STOR fart! Men til min store skuffelse så var det kun dei som eg virkelig hadde truffe som flytta seg, det var berre 10 av fuglane som letta, faktisk så letta eg nesten sjølv også då eg holdt på å bli kasta ut av sykkelen då eg måtte bråbremse før eg traff den eine måka...orka liksom ikkje å plukke nebb og fjør i frå sykkelen...
Ein anna dag så sprang det plutselig eit piggsvin rett ut på vegen framfor sykkelen min når eg dreiv å trødde som ein gal i nedover bakke...heldigvis punkterte verken sykkelen eller piggsvinet.  Her i Stavanger e det veldig spennande å legge ut på sykkeltur som du sikker kan sjå, aldri godt å sei ka som møte deg i DIN veg!

Ingen kommentarer: