fredag 12. desember 2008

Panikken som tok overhand

Underernært på søvn som eg va, fekk eg ein utrulig god ide: å gå å legge meg ei lita stund. Ein time seinare ringte klokka på mobilen. Eg hadde panikk, dels fordi det var so utrulig varmt på rommet at eg nesten måtte henge ut vinduet for å få oksygen, og dels fordi eg ikkje kunne finne adventskalendere min som eg fekk av KjellBjartmann og Asbjørn. Eg leita under skrivebordet, bak nåkken kasse som e på rommet, under senga, - ja faktisk overalt!! Heilt til det gjekk opp for meg ka eg egentlig dreiv med, med andre ord, heilt til eg våkna, eg hadde panikk i ein søvnaktigvåken tilstand.
Egentlig visste eg det, adventskalenderen vart kasta for lenge sida då den allerede fortalte meg 4. desember at julafta var over, og då var det ikkje vitsen i å ha den kalenderen meir...lurerier heile greia! Du kan jo aldri være heilt sikker på at det e nåkke bak alle lukene, så da må du åpne dei opp for å forsikre deg om at det faktisk er nåke inni lukene på kalenderen, derfor må dei åpnast. Når du har åpna opp luka(-ene) så veit du jo at det er sjokolade der, og då kan du like så godt berre ete dei opp sånn at ikkje det kjeme fluge å legge egg på dei...

Ingen kommentarer: