tysdag 24. juli 2007

Peppes tizza


Har gleda meg utrulig lenge til å møte på folk som eg har gått på skule med i Førde, og endeleg passa det å ta seg en tur ned. Det var dumt det ikkje passa å møte alle, men det tar eg igjen seinare:)Hadde avtalt å møte Fluga og May Linn, fekk no helst på Kjetil, Kent og lille Marte. Hadde ei veldig kjekk stund sammen med dei i Førde, og fekk eit nytt innblikk i korleis Førde har utvikla seg dei siste 4 åra:)
Har no fått erfart på andre sine vegne at det ikkje alltid er slik at bleia sitte som den skal, her kjem en skildrande dialog: (hehe)
Marte: "e tissa no"
Marita: "ååå, tissa du.. haha, Kjetil, du kjenne vel ikkje at du blir varm på magen der Marte sitte?"
Kjetil ser forundra på meg, han var trøtt etter maten,men løfta Marte opp sånn at han fekk sjå på t-skjorta, ansiktet skifta uttrykk...
Kjetil: "nei! korleis du visste at ho tissa"
JOda det heile resulterete i en liten tisseflekk på t-skjorta på Peppes Pizza. Jaja litt action må en no ha, det var no enda godt at vi hadde ete ferdig, for eg hadde no sikkert satt maten i halsen så masse som eg lo!!!tsss

Ingen kommentarer: