tysdag 24. juli 2007

KjedeligeInnvik.com


Off kva er det eigentleg å ta seg til med om "sommaren" når det regnar og er grått kvar ein dag, og alle vennane dine e på tur?
Joda, da får du overtalt lillesøstra di til å bli med å pusle alle puslespela dokke har. Det gjorde eg, og vi satte oss ned midt på stovegolvet å begynte...den eine timen gjekk, så den andre, og snart den tredje. Du store mi tid, vi blei aldri ferdige! Mirjam, var skikkelig gira i begynnelsen, men måtte etterkvart sette stoppeklokka si på pause siden vi hadde brukt så lang tid. Når vi endeleg fant ein brikke og skulle sette den på plass, måtte vi først rense den for 4kg kattehår, så det heile tok veldig lang tid!! Nakken og ryggen begynte å verke, og vi fant ut at vi var skikkelig dumme som hadde campa midt på golvet for å pusle, menmen vi gadd ikkje å plukke sammen alle brikkene, for da visste vi at vi kom til å finne på gode unnskyldninger for å kome oss unna! Pussle måtte vi siden dei fleste av pusle spela var på brett, og ikkje i boks....vi vart nesten ferdige, heldigvis hadde Mirjam satt klokka på pause sånn at vi eigentleg ikkje visste kor lang tid vi hadde brukt på pussle prosjektet.
Må vel egentlig konkludere i det at det kjekkaste med heile puslinga var å velte alle brikkane i ein stor haug på golvet!

Ingen kommentarer: