tysdag 24. juli 2007

Fjelltur til "Loga"


Tida var komen for å legge ut ei sporty og sprek omtale på bloggen, så da pakka eg, Mirjam, Kjetil, Jon Øyving og pappa prest med oss mat og bestemte oss for å fare på en fjelltur, heilt opp i Loga eller Løja som dei seie her i vikja. Pappa tok på seg sin knæsj oransje sjekk, og rett som det var når vi såg sekken, kom alle i "tur-humør", som vi også gorde på 90-tallet når pappa tok fram sekken sin. Pappa prest pakka med seg et par posa i tilfelle han skulle snuble over ei myr med masse multe, han ville vi skulle gå i frå "Heggdal støylen" så då gjorde vi det.

Vel oppe på Heggdalstøylen blei pappa og den oransje sekken mindre og mindre synelig etter kvart som vi gjekk, han vart ståande igjen i bakkane og plukka kvart einaste multe han såg. Vi spreke preste barna bestemte oss for å forlate han i bakken og fortsette oppover mot Løja. Under heile turen slo det meg at pappa hadde hatt en baktanke med å bli med på fjelltur; nettopp det å late som om han var sprek nok til å bli med opp i Løja, og det at nåken andre skulle opp på fjellet så da kunne han og bare bli med, du veit sikkert at alt er eit ork om du må gjere noko åleine! Korfor eg ikkje fekk mistanke då han tok med seg 4 stk 6 liters posa, og gjekk i dongeri bukse veit eg ikkje...jaja

Etter mangfoldige tima, og vandring gjennom myr (i joggesko), busk og kratt, spindelsvev, stein-ur, snø, elv, og masse bratte oppover bakka og forbi en del saue som tigga etter maten vår, kom vi opp i Løja. Vi var der ei lita stund og for ned igjennom dalen og enda tilslutt opp på "Preste-støylen". Vi brukte 6 tima på heile turen, og følte oss veldig spreke. Pappa prest var komt heim då vi kom, og hadde plassert multene i boksa som sto utover benken. Når vi kom, kunne ha ta på lokk og ta dei ned i frysen...då hadde han vist fram "fangsten" til dei den kunne visast fram til...typisk!

Ingen kommentarer: